Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
10.01.2018

Møte om regelverk

ILO 188

Det blir sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på arbeids- og kviletidsreglane (ILO 188). Det er klart etter eit møte mellom næringa og Sjøfartsdirektoratet denne veka.

Måndag denne veka inviterte Sjøfartsdirektoratet representantar frå fiskerinæringa til eit møte der ILO 188 var tema. 

Sjølv om det norske regelverket i stor grad var i tråd med ILO 188, vart det gjort enkelte endringar då konvensjonen trådde i kraft. Sjølv om det ikkje vart gjort endringar i reglane for arbeids- og kviletid, har desse kome i fokus, noko som skapte reaksjonar i fiskerinæringa, melder Sjøfartsdirektoratet på yrkesfisker.no

Som eit resultat av måndagens møte, vart det sett ned ei arbeidsgruppe frå partane i næringa som skal sjå på praktisk gjennomføring av arbeids- og kviletidsreglane i dei ulike fiskerigruppene, og korleis dokumentasjonskravet skal oppfyllast.

Vidare vart det på møtet informert om kravet om bemanningsoppgåve og sertifikat for arbeids- og levevilkår for fiskefartøy, kravet om føring av mannskapsliste og reglane knytt til lærlingar/ungdom på fiskefartøy.

– Tilbakemeldinga frå deltakarane var at dei sette pris på at vi inviterte til eit slikt møte i samband med gjennomføringa av konvensjonen, og dei sette pris på å få gje uttrykk for dei utfordringane dei ser med regelverket, seier underdirektør Yngve Folven Bergesen som leia møtet på vegne av Sjøfartsdirektoratet.

Utanom ILO 188 vart det informert om den endra sertifikatstrukturen for føring av fiskefartøy, Sjøfartsdirektoratet sitt fokusområde for 2018, erfaringane som er gjort med ISM på fiskefartøy, og om Ballastvatnkonvensjonen, som vart innført i september 2017

Du kan sjåp alle presentasjonane frå møtet på yrkesfisker.no