Møte om kvotemeldinga
-Nyttig møtepunkt
Fiskarlaget møter tysdag fiskeri- og havministeren i Ålesund for å gi innspel til regjeringa sitt arbeid med kvotemeldinga. Besøket på Sunnmøre er ein del av statsråden sin fiskeriturne for å få slike innspel.
– Fisken i havet tilhøyrer oss i fellesskap og no legg vi grunnlaget for ei ny og rettferdig retning i fiskeripolitikken. Fiskerinæringa skal gi auka aktivitet, meir verdiskaping og fleire heilårlege arbeidsplassar i lokalsamfunn langs heile kysten, i tillegg til gode inntektsmoglegheiter i alle flåtegrupper. For å lykkast med det, vil eg samarbeide godt med både organisasjonane i fiskerinæringa og dei fiskeriavhengige kystsamfunna, seier statsråden i ei pressemelding før møtet.
Frå Fiskarlaget deltek nestleiar Arnstein Næss og Ole Morten Sorthe og Bjørn Kåre Steinnes i Møre og Romsdal Fiskarlag, samt Janne Grethe Strand Aasnæs, styreleiar i Fiskebåt Vest saman med Audun Maråk og Sturla Roald frå Fiskebåt.
Ole Morten Sorthe kallar denne typen møtepunkt for ein vinn-vinn-arena.
-Ja, dette er eit både nyttig og viktig møtepunkt. Det er nyttig for oss og viktig for våre medlemmar at vi både får møte statsråden om denne typen viktige saker, samtidig som vi i får eit treffpunkt med politikarar frå Stortinget, ordførarar og andre lokale politikarar. Dette gir oss høve til å gjere viktige standpunkt og innspel tydelege for både myndighetene og forvaltninga, sier Sorthe.
Møtet med statsråden er hos hamnefogden i Ålesund, der det i tillegg til innspel om kvotemeldinga er sett av tid til hamnetematikk og ei synfaring til hamnene på Flatholmen og Gjøsund.