18.03.2021
Møte om fiskerihamn
Bremanger 22. april
Bremanger kommune inviterer 22. april til dialogmøte om fiskerihamn. Sjå program og informasjon for deltaking. Møtet blir halde digitalt.
I samarbeid med Bremanger hamn inviterer Hub for Ocean til dialogmøte om fiskerihamna i Bremanger, i samband med at kommunen har eit nytt landareal på 22 000 m2 klart for etablering.
Bremanger kommune er opptatt av at etableringar på området skal vere innan det maritime/marine og at ein nyttar sjøtransport. Kommunen ønsker tilbakemelding på kva som skal til for at bedrifter skal etablere seg på området.
Lenke der du finn program og påmelding:
Om arrangementet
- Når: Torsdag, 22 april kl. 13.00-14.00
- Kor: Teams
- Hub For Ocean er ein medlemsorganisasjon for aktørar i dei havbaserte næringane, med meir enn 60 medlemmar som representerer heile verdikjeda knytt til havrommet.