05.02.2026

Mindre fisk i havet

Biomassen nær halvvert

– 2013 var eit toppår. Sidan den gang har den samla biomassen i havet, altså summen av alle fiskebestandane der det er biomassedata tilgjengeleg, gått nedover, seier forskingsdirektør Geir Huse i Havforskningsinstituttet. Det sa han under lanseringa av Ressursoversikta i Tromsø torsdag morgon.

I 2013 var biomassen som forskarane har data om på omlag 35 millionar tonn. I 2025 er den omtrent 17 millionar tonn.

– Det er det lågaste nivået vi har målt i heile tidsserien, sa Huse under presentasjonen av dei i alt 46 ulike bestandane som Ressursoversikta vurderer.

Ressursoversikta viser nedgang i rekruttering hjå fleire av dei kommersielt viktigaste bestandane våre, noko som også har vorte spegla i kvoteråda dei siste åra.

Krevjande for skrei og makrell

For nordaustarktisk torsk, også kjend som skrei har det gått nedover sidan toppåret 2013. No er gytebestanden mellom føre-var-nivået og kritisk nivå.

Huse peikar på svikt i rekrutteringa, og at det ikkje er nok ungfisk som veks opp, samt at det dei siste åra har blitt fiska meir skrei enn tilrådd.

For inneverande år er torskekvoten den lågaste sidan 1991.

Også makrellen, som er ein anna viktig art for verdiskapinga frå havet, har det krevjande, påpeika Huse.

Gytebestanden har gått frå nesten 13 millionar tonn i 2014 til 2,7 millionar tonn i 2025.

Når gytebestanden kjem under 3 millionar tonn forventar havforskarane at makrellen får redusert evne til å lage sterke, nye årsklassar.

– Rekrutteringa dei siste ti åra har vore svak, og i tillegg har fisketrykket dei siste åra vore for høgt, seier Huse.

Leiar Jan Roger Lerbukt i Norges Fiskarlag deltok i en samtale om Ressursoversikta. Samtalen blei leia av redaktør Øystein Hage i Fiskeribladet. Skjermfoto frå HI si sending frå lanseringa.

-Kan bli vanskeleg

Leiar Jan Roger Lerbukt i Norges Fiskarlag seier mange flåtegrupper vil få eit krevjande 2026. Dette vil ikkje slå like hardt ut for alle, men mange vil merke at kvotane er sett ned, trass i at prisane har kompensert mykje.

Lerbukt deltok torsdag morgon i ein samtale med Geir Huse om Ressursoversikta og rosa HI for det faglege arbeidet. Samtalen blei leia av redaktør Øystein Hage i Fiskeribladet.

Leiaren i Fiskarlaget seier fiskarane er vant til både oppgang og nedgang, og næringa tilpassar seg svingningar så godt det er muleg.

-Naturleg variasjon i bestandane vil alltid være ein del av bildet uansett kor god ressursforvaltning vi er i stand til å ha, påpeika han.

I samtalen ga han også uttrykk for eit ønske om å delta meir aktivt i datautveksling med myndigheitene og være tett på i dialog om dei endringane og observasjonane fiskaren ser på havet.

-Det er ikke alltid vår erfaring stemmer med dei råda og vurderingane som forskarane gjer, påpeika Lerbukt som understreka at det aller viktigaste er god og helst auka forsking og auka kunnskapsgrunnlag.

-Vi må ha ein tett dialog mellom næring, forskarar og myndigheitene om forvaltning av dei ressursene vi har tilgang til, påpeiar leiaren i Fiskarlaget.

Klimaendringar

Ressursoversikta ser også på drivarane bak endringane havforskarane observerer i havområda våre.

I tillegg til dei menneskelege påverknadane til havs, endrar også klimaendringane vilkåra i havet.

Dei siste 40 åra har sjøtemperaturen i dei øvste 200 meterane av havet auka, syner HI sine måleseriar, endå det er naturlege variasjonar som gjev lågare temperatur i periodar.

I store deler av dei norske havområda, var også mengda dyreplankton lågare i 2025 enn tidlegare.

Dette kan du lese meir om i oppslaget HI har laga om framlegginga i Tromsø (lenke)