Miljøpris for rognkjeks
Kampen mot lakselus
Fiskeridirektoratets Miljøpris er gitt til Akvaplan Niva og Norsk Oppdrettsservice for arbeidet knytt til å få fram rognkjeks som rensefisk i oppdrett.
Miljøprisen ble delt ut på åpningsdagen av Aqua Nor i Trondheim.
Lakselus er omtalt som den største utfordringa for oppdrettsnæringa og det blir jobba på mange områder for å få bukt med problemet. Bruk av optiske verkemiddel og varmebehandling er to måtar som no vert prøvd ut ved sida av medikamentell behandling og bruk av rensefisk, skriver Fiskeridirektoratet i sin omtale av saken.
Rognkjeks som kommersiell oppdrettsart
Norsk Oppdrettsservice og Akvaplan deler årets pris og har fått utvikla rognkjeks til å bli ein interessant art som blir brukt som rensefisk i oppdrett i staden for leppefisk. Det er snakk om oppdrett av rognkjeks slik at det ikkje skal oppstå eit stort press på villl rognkjeks og som dermed blir ei ny utfordring for forvaltning og næring.
— Stadig fleire oppdrettarar er i gang med å etablere eigne anlegg for oppdrett av rognkjeks, mykje takke vere den kunnskapen dei to prisvinnarane har bidratt med, sier fiskeridirektør Liv Holmefjord.
Redusert bruk av legemiddel og mindre press på leppefisk
Fiskeridirektoratet er uroa over bruken av medikamentell behandling mot lakselus og direktoratet ser at det er for stort press på leppefiskbestandane langs kysten.
— Det er svært positivt at profesjonelle aktørar som Norsk Oppdrettsservice og Akvaplan Niva no ser ut å lukkast med å utvikle oppdretta rognkjeks som rensefisk. Det vil kunne redusere medikamentell bruk og det vil føre til mindre press på leppefisk, seier Holmefjord.
Dagleg leiar Andreas Lindhom i Norsk oppdrettsservice og kontorsjef Kristin Sæther tok imot prisen på vegne av vinnarane.