Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
20.12.2013

Meklingsordning på plass

Forskrift fastsatt fredag

Fiskeri- og kystdepartementet har fredag fastsett forskrift om føstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar. Begge partar blir no pålagde å gjennomføe mekling om dei ikkje blir einige om minstepris gjennom forhandlingar, dersom ein av partane ber om det.

I ei pressemedlding frå Fiskeri- og kystdepartementet seier fiskeriministeren at ho har tru på at denne forskrifta vil bidra til støre grad av likeverd mellom partane innanfor lovas rammer.

Det blir no oppretta to meklingsnemnder, ei for kvitfisksektoren og ei for pelagisk sektor, med tre medlemmer i kvar nemnd. Leiaren for begge nemndene blir oppnemnd av Riksmeklaren, og departementet nemner opp dei andre medlemmene etter forslag frå partane. Den nye forskrifta er i stor grad basert på forskrifta til råfisklova.

Fiskeri- og kystdepartementet har fredag også fastsett forskrift om staten sine kontrolløar for fiskesalslaga. Kontrolløane har ein viktig funksjon, dei skal kontrollere at verksemda til salslaga blir gjennomføt i tråd med gjeldande lov og forskrifter. Det er mellom anna krav til at kontrolløane har kompetanse og er uavhengige, og det er lagt opp til eit tettare samarbeid mellom salslaga, fiskarorgansisasjonane og kjøparorganisasjonane.

Verksemda til statens kontrolløar blir forskriftsfesta for å gjere det tydeleg at fiskesalslaga er underlagde ekstern kontroll. Det blir innføt åremålsperiode på 6 år med høve til fornying av perioden éin gong. Tidlegare var det ei øvre aldersgrense som no blir fjerna. Departementet vil i løpet av 2014 nemne opp kontrolløar til kvart fiskesalslag, det vil seie at noverande kontrolløar held fram i sin funksjon inntil vidare.

Både forskrift om føstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar og forskrift om staten sine kontrolløar for fiskesalslaga har heimel i lov av 21. juni 2013 om føstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (Fiskesalslagslova). Forskriftene trer i kraft 1.1.2014, samtidig med lova.

Les: Forskrift om føstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar

Les: Forskrift om staten sine kontrolløar for fiskesalslaga