Meir tobis
HI-råd om 2021
Havforskarane sitt endelege kvoteråd for tobis er 145 000 tonn. Det er dette dei meiner er berekraftig å fiske i norsk økonomisk sone i år. Til no i år er det hausta 110 000 tonn.
HI er framlieis i arbeid på felta og melder at årets tobistokt viser under middels rekruttering og individvekt, men framleis mykje igjen av dei eldre superårsklassane.
– Bestanden har gått kraftig ned frå toppåret i fjor, og er no tilbake på nivå med dei nest største toppane i tobistoktets historie, oppsummerer havforskar Espen Johnsen.
Han er framleis på sjøen i siste del av det årlege akustikk- og tråltoktet der forskarane sjekkar stoda for tobisbestanden.
HI rår til at underområda 1b, 1c, 2a, 2c, 3a, 3c, 4b blir verande opne for fiske i perioden til 23. juni.
Johnsen seier til eigen nettstad at det framleis er mykje to og fem år gammal tobis i sjøen, spesielt på Engelsk Klondyke der mesteparten av årets tobisfiske har gått føre seg.
Det er altså restar av den svært sterke 2016-årsklassen og den historiske 2019-årsklassen som gjer at forskarane kan tilrå å jekke opp det førebelse kvoterådet på 110 000 tonn til det eit endeleg rådet på 145 000 tonn.
Forskarane arbeider med å dekke Vikingbanken og kjem tilbake med funna sine derfrå, truleg denne veka, melder HI.
Tobisane lever dels nedgravne i sandbotn, og bestanden deler seg derfor inn i sandbankar på avgrensa område i Nordsjøen.