Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
06.07.2017

Makrelltoktet i gang

5 fartøy deltar

-Vi trur 2014-makrellen er ein knallsterk årsklasse. Det seier toktleiar Leif Nøttestad i samband med at fem fartøy no er i gang med årets makrelltokt. Vendla og Kings Bay deltar fra norsk side.

Makrell- og økosystemtoktet i Norskehavet er eit samarbeid mellom Island, Grønland, Færøyane og Norge. Fem skip trålar etter sild, kolmule og viktigast av alt, makrellen, skriv Havforskninsgintituttet i ein omtale av årets makrelltokt.

Det overordna formålet er å anslå størrelsen på bestandane, slik at havforskarane kan gi råd om kor mykje det er berekraftig å fiske. Tråltoktet har tiårsjubileum i år. Forskar Leif Nøttestad er bestandsansvarleg for makrell i Havforskningsinstituttet.

– I løpet av tiårsperioden ser vi at norsk vårgytande sild har gått noko tilbake, kolmule har gått opp og ned, mens makrellbestanden har eksplodert i både mengde og utbreiing. Makrellen finn du no frå Afrika i sør til Svalbard i Nord, fortel toktleiar Leif Nøttestad.

Les ei brei omtale av årets tokt hos Havforskningsinstituttet.