Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
10.01.2020

Lyse utsikter for torsken

Ombordfryst 2020

Torskeprisen har meir enn dobla seg på fem år og utsiktene for 2020 ser også lovande ut for fiskeflåten. No blir det satsa friskt vidare på utvikling av både teknologi og kunnskap. Torsdag samlast rundt 250 personar i Ålesund for å dele erfaringar og kunnskapar med kvarandre.

Det er femte året at Ombordfryst-konferansen blir arrangert i Ålesund. Konferansen er retta mot den delen av havfiskeflåten som frys fisken om bord i fartøya på havet, deira kundar og leverandørar.

– Vi ser at denne konferansen har blitt den viktigaste arenaen for mange i næringa der ein både får faglege innspel, men også møter andre som jobbar med dei same problemstillingane, seier Ørjan Olsen, som er prosjektleiar for nye marknader, i Norges sjømatråd.

Sjømatnæringa er ei global næring og det meste av fisken som blir fiska av norske fiskebåtar blir eksportert til resten av verda.

– I fleire år no har det meste gått i rett retning. Lav rente, gunstig kronekurs og ikkje minst gode prisar på dei kvalitetsprodukta som den norske fiskeflåten leverer. Sidan 2014 har torskeprisen meir enn dobla seg i Sunnmøre og Romsdal Fiskeslagslag, og det ser ut til betalingsviljen vil halde seg på eit høgt nivå, seier Finn-Arne Egeness, som er bransjeanlytikar for sjømat i Nordea.

  • Ombordfryst-konferansen er eit samarbeid mellom Norges sjømatråd, Fiskebåt og Nordea.
  • I år er det rundt 250 påmeldte til konferansen som er arrangert kvart år sidan 2016.

Her finn du lenke til programmet og påmelding.