
Lever avfall frå fiskeri
Testar i Bremanger
No kan fiskefartøy levere oppfiska avfall og utrangerte fiskereiskapar også i Bremanger hamn. Tilbodet er ein del av eit prøveprosjekt som SALT, Norske Havner og Norges Fiskarlag står bak.
Frå 1. september er det sett opp containerar i fiskerihamna i Kalvåg, der fiskefartøy kan kaste oppfiska avfall og utrangerte reiskapar. Informasjon om levering er tilgjengeleg via ein QR-kode på containerane. I tillegg vil hamnevakta bistå med å rettleie fartøy i hamna.
Det er kome nye krav i forureiningsforskrifta som pålegg hamner å ha mottaksløysningar der fiskefartøy kan levere oppfiska avfall. I tillegg er eit nytt produsentansvar for fiskereiskapar i plast venta å tre i kraft i 2025, der det òg vil vere behov for innsamlingsløysingar for utrangerte fiskereiskapar. Dette er bakgrunnen for at SALT, Norske Havner og Norges Fiskarlag har gått saman om å utvikle og teste ein mottaksmodell for fiskeriavfall som no òg vert prøvd ut i Bremanger.
Optimalisere løysingar
Hamna i Bremanger er først ut i Vest-Norge med å teste den nye mottaksløysinga. Mottaksløysinga blir også testa ut i Lofoten og i Hammerfest. Målet er å få erfaring og å lage best moglege avfallsløysingar for fiskefartøy i hamner. Kostnadene for å levere oppfiska avfall i hamna skal dekkast av eit generelt avfallsgebyr.
Satsinga er finansiert av Handelens Miljøfond og FHF – Fiskeri og havbruksnæringens forskningsfinansiering. Prosjektet er administrert av SALT, som har lang erfaring med å ta imot oppfiska avfall i hamner gjennom prøveordninga Fishing for Litter, der Måløy er ei av 11 hamner som framleis har denne løysinga.
Vil hauste erfaring
– Finansiering av nye Fishing for Litter-hamner har ikkje vore gitt sidan 2020. Når hamnene no er pålagt å tilby mottaksløysingar for oppfiska avfall, ønsker vi saman med hamnene å undersøke korleis erfaringane frå Fishing for Litter kan nyttast til å etablere gode mottaksløysingar for fiskeriavfall i alle hamner som ønsker det, innanfor rammene av nytt regelverk og gebyrkrav, fortel prosjektleiar Hilde Rødås Johnsen i SALT.
Leiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag peikar på at det er stort behov for å forbetre avfallsløysingane i hamn, både når det levering av oppfiska avfall, utrangert utstyr og vanleg avfall.
Hamnesjef Monica Sande ser på testprosjektet som ei moglegheit til å få nødvendig erfaring for å kunne gi eit godt tilbod i framtida. Ho er samd med Heggebø om at det er eit stort behov for å kunne ta i mot alle typar fiskeriavfall i hamna, og for praktiske og gjennomførbare løysingar.
– Vi har behov for å forbetre avfallsløysinga i hamna. Prosjektet er viktig for å sikre løysingar som dekker det behovet som våre brukarar har, seier hamnesjef Sande.
