
Leiar og mentor
Isak Stave (1945-2018)
– For meg var Isak ein mentor, skriv Nils Myklebust i minneordet etter Isak Stave, som tirsdag blei gravlagd frå Ulstein kyrkje.
Minneord Isak Stave
Det var med stor sorg vi tok i mot bodskapen om at Isak Stave har gått bort. Han døydde måndag 10. desember, vel 73 år gamal.
Sogn og Fjordane har mista ein av sine fremste fiskarar og fiskartillitsmenn.
Isak vaks opp på Stadlandet i Selje kommune, og det var tidleg klart at det var fiskar han ville bli. Han tok tidleg navigasjonsutdanning og vart skippar i ung alder.
Han gifte seg med Liv, og dei bygde seg hus på Stadlandet. Familien var umåteleg viktig for Isak.
Isak viste seg som ein sæs dyktig fiskar, og var av den gamle skulen. Han var ikkje berre skippar, men også kamerat. Og han hadde stor omsut for dei som var om bord.
Tidleg på 1970-talet fekk han, saman med Johan Eltvik og Bård Sjåstad, bygt M/S «Stålsund». Denne båten dreiv dei ilag i mange år. Seinare var Isak skipper på ei rekke båtar.
Han var innom fleire fiskeri, men det var først og fremst lineskippar Isak var. Han fiska på fleire felt i Nord-Atlanteren, og han var godt kjent på dei fleste fiskefelta.
Isak såg tidleg behovet for å væe organisert i Norges Fiskarlag. Han hadde ei rekke tillitsverv, blant anna som leiar av Selje Fiskarlag og leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Han var medlem av Båteigarseksjonen i Norges Fiskarlag, medlem av representantskapet i Vest-Norges Fiskesalslag, og i fleire år var han styreleiar i båttrygdelaget Havtrygd.
For meg var Isak ein mentor, og vi hadde mange telefonsamtalar på seine kveldar, og vi samtala om alt frå fiskeri til organisasjonsarbeid. Det var næast ein felles vits, at vi måtte ha ein godnatt-samtale, før vi gjekk til ro. Det næe samarbeidet som vi hadde både på sjø og land, har eg mange gode minner om.
Vi har mykje å takke Isak for. Isak var ein omgjengeleg person, og ikkje minst ein person du kunne stole på. Som fiskartillitsmann hadde han stor innsikt og forståing for andre sine vanskar.
Han kunne likevel stå rakrygga og fast på sine standpunkt når det var naudsynt.
Med Isak sin bortgang har fiskarane mista ein av sine gode talsmenn, og vi har mista ein god ven. Våre tankar går til den næaste familien.
Vi lyser fred over Isak sitt gode minne.
Nils Myklebust