30.09.2024

Lågt makrellråd

Kvoteråd for 2025

Den tilrådde kvota for makrell går ned med 22 prosent. Det er det internasjonale havforskingsrådet ICES som måndag har lagt fram kvoteråd for pelagiske artar. -Forventa, men krevande nedgang, seier Fiskarlagets leiar.

Kvoteråda for norsk vårgytande sild (nvg-sild), kolmule, makrell og vestleg hestmakrell for 2025 ble lagt fram måndag, og spesielt for makrell er det låg tilråding.

Forskarane si tilråding er den lågaste sidan 2013, melder HI i ein omtale av rådet.

Fiskarlagsleiar Kåre Heggebø seier «korta» har vist at det blir ein meir krevjande kvotesituasjon neste år, og spesielt for makrell.

-Det er alltid utfordrande å tilpasse seg svingingar i fiskebestandane, slik vi no opplever på makrell. Likevel er det positivt at dei øvrige pelagiske bestandane har stabilitet. Og at hestmakrell igjen er inne med kvotetilråding. Det er også lov å håpe at det kan snu opp for makrellen på sikt, sier han.

Dette er tala

ICES tilrår ein kvote på 576 958 tonn for makrell i 2025. Det er ein nedgang på 22 prosent samanlikna med rådet for 2024, og 40 prosent samanlikna med antatt fangst i 2024. 

– Gytebestanden er faretrugande nær føre-var-nivået. For å oppretthalde ein bestand som er berekraftig, må fisketrykket verte redusert, seier bestandsansvarleg Leif Nøttestad. 

Høg fiskedødelegheit

Tilbake i 2014 var gytebestanden hos makrell estimert til over 7 millionar tonn. I 2024 er den estimerte gytebestanden lågare enn 2,8 millionar tonn. 

– Under sommarens makrell- og økosystemtokt målte vi den minste utbreiinga og den lågaste tettleiken på makrell vi har sett i løpet av dei siste 15 åra, forklarar Nøttestad hos HI.

Manglande internasjonale avtalar og fiske over rådet er ei utfordring for både makrell, nvg-sild og kolmule. 

Svak oppgang for nvg-sild 

ICES tilrår at fangstane av norsk vårgytande sild ikkje må vere over 401 794 tonn. Det er ein oppgang på tre prosent samanlikna med rådet for 2024, og ti prosent lågare enn antatt fangst i 2024.

– Gytebestanden hos nvg-sild er så vidt under føre-var-nivået i 2024 og litt lågare i 2025, forklarar bestandsansvarleg Erling Kåre Stenevik. 

Han peikar på at utsiktene er litt lysare lenger fram i tid.

– To sterke årsklassar er på veg inn med 2021-årsklassen og 2022-årsklassen. Spesielt 2022-årsklassen ser lovande ut, men denne årsklassen er ikkje gammal nok til å kome inn i gytebestanden i 2025. Men utsiktene er lysare vidare framover.

For kolmule er den tilrådde kvoten 1 447 054 tonn for 2025. Det er fem prosent lågare enn rådet for 2024, og 23 prosent lågare enn antatt fangst i 2024. 

For vestleg hestmakrell tilrår forskarane ei kvote på 75 545 tonn i 2025. Dei siste to åra har det vore gjeve råd om nullfangst for vestleg hestmakrell. Det har vore gjennomført metoderevisjon for vestleg hestmakrell i 2024. Her har blant anna referansepunkta vorte oppdaterte, og det har ført til at ICES no ikkje lenger tilrår nullfangst. Kvoterådet for 2025 er på nivå med dei gjevne i 2020, 2021 og 2022.

Les detaljane, også knytt til dei tekniske delane av råda hos HI