
Kystfiskeappen blir slått av
Må bruke ERS og VMS
Frå 1. januar 2026 skal alle fiskefartøy som tidlegare har nytta Kystfiskeappen følgje krav om elektronisk rapportering av fangst-, aktivitets- og posisjonsdata (ERS og VMS).
Fiskeridirektoratet melder at kystfiskeappen blir lagt ned frå komande nyttår samstundes med overgang til rapportering via ERS og VMS for fiskefartøy. Rapporteringsverktøyet har vore i bruk sidan 2015.
Vedtaket er i tråd med høyringa som blei sendt ut tidlegare i år.
Gjeld for alle
Krava gjeld for alle, uavhengig av fartøystørrelse, som tidlegare har nytta Kystfiskeappen, med nokre endringar, skriv Fiskeridirektoratet i si melding.
Dette er ei liste med uttømmande oversikt over kven som må følgje dei nye krava. I tillegg gjeld krava for alle fiskefartøy frå og med 8 meter.
Krav om rapportering av haustingsaktivitet gjeld for alle fartøy som er omfatta av ERS-forskrifta. Dette inneber at dersom fartøyet er omfatta av forskrifta, skal all haustingsaktivitet rapporterast gjennom heile kalenderåret. Krav om VMS inneber at fartøyet skal sende posisjonsmelding kvar dag gjennom heile kalenderåret.
Fiskeridirektoratet peikar på at det er tre ting du må gjere for å vere klar til fiske 1. januar 2026:
- Du må kontrollere at fartøyet ditt har kjenningssignal (radiokallesignal).
- Du må velje ein leverandør for posisjonsrapportering (VMS) og bestille nødvendig utstyr og abonnement.
- Du må velje ein leverandør for rapportering av haustingsaktivitet (ERS).
For meir informasjon om korleis du får kjenningssignal registrert og velje leverandør for ERS og VMS, sjå Fiskeridirektoratet si side med veiledning for innføring av ERS og VMS.
