«Kystens framtid i nye Vestland»
Konferanse i september
Sogn og Fjordane Fiskarlag inviterer i september til konferansen «Kystens framtid i nye Vestland». Set av dagane 17. og 18. september og delta i Bremanger.
Det er i forbindelse med regionsreforma som trer i kraft 1. januar 2020 og overføringa av ansvaret for fiskerihamnene frå Kystverket til dei nye regionane at Sogn og Fjordane Fiskarlag inviterer til konferanse i Kalvåg i Bremanger kommune.
Stortingsmeldinga om kvotesystemet i fiskeria vil og vere på agendaen i løpet av dei to planlagte konferansedagane ved Iglandsvik Næringspark.
Dagleg leiar Henriette Skaar i Sogn og Fjordane Fiskarlag seier målgruppa for konferansen er næring og næringsaktørar, samt forvaltninga og dei politiske miljøa.
– Vi både håpar og trur at konferansene skal ha appell i målgruppene og at det er interesse for å delta
om viktige utviklingstema, seier ho.
Møtefakta:
Påmeldingsfrist er sett til 31. juli.
Påmelding til Sogn og Fjordane Fiskarlag: henriette@fiskarlaget.no
Stad: Iglandsvik Næringspark, Kalvåg
Tid: 17. og 18. september med møtestart kl 13 og avslutning dagen etter kl 15.
- Dagpakke inkludert overnatting: 1 250,-
- Middag: 900,-