
Kvotemelding denne uken
Fredag 21. juni
Fiskeriministeren legg fredag 21. juni fram regjeringas stortingsmelding om nytt kvotesystem for fiskeria. – Kvotesystemet er opp gjennom åra blitt eit lappeteppe av forskjellige ordningar. Dei fleste er einige i at det er på tide å forenkle og modernisere dette systemet, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Kvotesystemet inneheld reglar for kven som kan fiske, korleis dei kan fiske og kor mykje dei kan fiske.
-Næringa har over tid hatt eit ønske om enklare regelverk og vi ser fram til og håpar på at dette blir ei melding med gode og framtidsretta tilpasningar. Det sier Kjell Ingebrigtsen, leiar i Norges Fiskarlag.
Det er i ei pressemelding tysdag kveld at regjeringa stadfestar at meldinga blir lagt fram av fiskeriminister Harald T. Nesvik fredag 21. juni klokka 12.
Fiskeriministeren vil presentere tiltaka i meldinga, og det vil også vere mogleg å følgje presentasjonen på nett-tv.
Les meir om nytt kvotesystem her (link til regjeringen.no).