24.10.2024

Kraftig opp

Snøkrabberådet

Snøkrabbebestanden er god og HI tilrår ein markert auke i fangsten. Havforskingsinstituttet (HI) har torsdag kome med eit snøkrabbe-råd på norsk sokkel på inntil 12 724 tonn i 2025.

– Den endelege bestandsvurderinga syner at bestanden er i god forfatning, og høgare enn vi antok ved vurderinga i 2023. Vi kan derfor tilrå å heve kvota, forklarar bestandsansvarleg Ann Merete Hjelset.

Kvoterådet for 2024 var 10 300 tonn. 

Det er gjort årlege kartleggingstokt av bestandstettleiken sidan 2018.  Tettleiken er størst i områda rundt Sentralbanken, i midten av Barentshavet, kor det kommersielle fisket på norsk sokkel også føregår, skriv HI i ein omtale.

Havforskarane rår om at fredningsperioden frå 1. juli til 31. desember vert oppretthalde også i 2025. Bakgrunnen for dette er skalskiftet, påpeikar HI.

I tillegg held HI fast ved tilrådinga om å innføre rømningshol med nedbrytbar tråd i krabbeteinene, for å unngå spøkselsefiske i tapte teiner.

Endeleg snøkrabbekvote for 2025 blir fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet.

Les detaljane i rådet hos HI