
Innfasinga av radiokrav
Ny gruppe frå nyttår
Sjøfartsdirektoratet informerer om at dei held fram med utfasinga av overgangsordninga for bruk av «gamal» radioforskrift for fiskefartøy bygde før 1. juli 2014. Utfasinga går over åtte år, og starta ved årsskiftet 2024/2025.
Frå ikraftsetjinga av sjarkforskrifta har fiskefartøy under 15 meter bygde før 1. juli 2014 hatt høve til framleis å ha radioutstyr i samsvar med tidlegare radioforskrift.
Fra 1. januar 2025 måtte alle fiskefartøy med største lengde mellom 10,67 og 15 meter oppfylle krava til utstyr og sertifikater i sjarkforskriftas kapittel 7. Ved komande årsskifte opphøyrer overgangsordninga for neste fartøygruppe, skriv direktoratet i ei nettsak som vi deler her.
Dette må reiar/fartøyeigar gjere
Reiar må sørge for at fartøyet har radioutstyr etter sjarkforskriftens kapittel 7, og bestille ny radiokontroll hos godkjent radioinspeksjonsforetak for å få sikkerheitssertifikat for radiotelefon på fiskefartøy. Oversikt over godkjente radioinspeksjonsforetak finn du her. For fartøy som alt har utstyr og sikkerheitssertifikat basert på dei nye krava treng ikkje reiar foreta seg noko.
Sjå oppdatert info pr 11. november frå direktoratet her
Datoane som er oppgjevne i overgangsreglane i sjarkforskrifta er lista opp nedst i denne artikkelen.
1. januar 2026 opphøyrer overgangsordninga for den neste gruppa av fartøy, det vil seie fartøy med største lengde frå 8,0 til 10,67 meter bygde i perioden 1. januar 1998 til 30. juni 2014.
Fartøyeigarar må sørgje for at dei har radioutstyr i samsvar med krava i sjarkforskrifta, og få eit godkjent radioinspeksjonsføretak til å gjennomføre tilsyn og utferde tryggleiksertifikat for radiotelefon på fiskefartøy.
Framdriftsplan for overgangsordninga
Frå 1. januar 2026 skal alle fiskefartøy med største lengde mellom 8,00 og 10,67 meter, bygde i perioden 1. januar 1998 til 30. juni 2014, oppfylle krava til utstyr og sertifikat i kapittel 7 i sjarkforskrifta.
Frå 1. januar 2027 skal alle fiskefartøy med største lengde mellom 8,00 og 10,67 meter, bygde i perioden 1. januar 1992 til 31. desember 1997, oppfylle krava til utstyr og sertifikat i kapittel 7 i sjarkforskrifta.
Frå 1. januar 2029 skal alle fiskefartøy med største lengde mellom 8,00 og 10,67 meter, bygde i perioden 1. januar 1983 til 31. desember 1991, oppfylle krava til utstyr og sertifikat i kapittel 7 i sjarkforskrifta.
Frå 1. januar 2030 skal alle fiskefartøy med største lengde mellom 8,00 og 10,67 meter, bygde i perioden 1. januar 1970 til 31. desember 1982, oppfylle krava til utstyr og sertifikat i kapittel 7 i sjarkforskrifta.
Frå 1. januar 2031 skal alle fiskefartøy med største lengde mellom 8,00 og 10,67 meter, bygde før 1970, oppfylle krava til utstyr og sertifikat i kapittel 7 i sjarkforskrifta.
Frå 1. januar 2032 skal alle fiskefartøy med største lengde under 8,00 meter som er dekket og åpne båter som har styrehus oppfylle krava til utstyr og sertifikat i sjarkforskrifta kapittel 7.
