fbpx

Fiskarlaget Nyheter

Skriv ut
23.10.2013 00:00
Volstad tapte
Høyesterettsdommen klar

Høyesterett har med ni mot åtte stemmer avgjort at staten kunne gjøre om tidsuavgrensede strukturkvoter til tidsavgrensede kvoter, og at dette også kunne gjøres med tilbakevirkende kraft slik Stoltenbergregjeringen valgte å gjøre.

Volstadrederiet med reder Eivind Volstad (bildet) har dermed tapt saken de anla mot staten.

-Det er svært skuffande at Høgsterett med knappast mogleg fleirtal meiner at staten kunne omgjere tidsuavgrensa strukturkvotar til tidsavgrensa med tilbakeverkande kraft. Det seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåt til Fiskebåt.no i ein kommentar til at Høgsterett i formiddag ga staten medhald i at vedtaket om å endre strukturkvotane med tilbakeverkande kraft var lovleg, og ikkje i strid med Grunnlova.

-Fleirtalet i Høgsterett har lagt vekt på å gi styresmaktene eit vidt handlingsrom framfor å legge til grunn prinsippet om at demokratiske vedtak ikkje skal ha tilvakeverkande kraft. Dette trur eg er i strid med rettskjensla til folk flest, seier Roaldsnes. Han er overraska over at fleirtalet i Høgsterett med dette set til sides to klare dommar i tingretten og lagmannsretten.

-Med ei så omstridt avgjerd er dommen uheldig både for staten, reiarlaget og næringa. Den nye regjeringa har i regjeringsplattforma forplikta seg til å gjere strukturkvotane tidsuavgrensa. Dette er gledeleg, og eg vonar då at vi trass denne dommen slepp fleire politiske omkampar om dette spørsmålet, seier styreleiar i Fiskebåt, Tore Roaldsnes.

Les dommen.

Norges Fiskarlags nettsteder bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen og samle inn informasjon om bruksmønstre. Vi bruker også denne informasjonen til analyseformål. Noen av disse er informasjonskapsler fra tredjepart.