Fiskarlaget Nyheter

Skriv ut
12.03.2019 08:05
Kva vil me med næringa?
Debattinnlegg
Kva vil me med næringa?
Kåre Heggebø, leiar i Fiskarlaget Vest
Foto: Jan-Erik Indrestrand

Leiaren i Fiskarlaget Vest stiller følgjande hovudspørsmål i dette debattinnlegget: Eg er heilt einig i at det har oppstått grunnrente, sidan det enkelte år er så stort overskot i næringa at det kan vere grunnlag for å ta ut ein ekstra skatt. Kva då med dei åra der det er låge kvotar eller låge prisar?

KVA VIL ME MED FISKERINÆRINGA?

Fisket er godt i gang i eit nytt år og me kan sjå tilbake på fjoråret og fryde oss over at fiskerinæringa har lagt bak seg eit historisk toppår. Dette er ein suksess som me kan vere stolte av avdi både me i næringa og styresmaktene har tatt ansvar for både biologisk og økonomisk berekraft.

Me kan i dag glede oss over at heile samfunnet ser dei verdiane som ligg i fiskeria, og dei moglegheitene som dette representerer. Me ser òg at det innbyr til respekt når me kan dokumentere at næringslivet på kysten fortsatt er avhengige av at nokon fiskar folket sin fisk for å skape verdi av den. Dei 11 000 fiskarane i Noreg bidrar til nesten tre gongar så mange arbeidsplassar i samfunnet elles.

Me kan gle oss over at me har stor pågang av unge mennesker som vil inn i fiskaryrket. Dei ser ei framtid i næringa. Du skal kunne bli fiskar på trygge båtar, levere kvalitetsvarer som kan gje auka verdiskaping og kunne leve eit normalt familieliv.

Me har ikkje lenger subsidiar, og me tenar pengar. Me satsar på framtida og investerer i tru på at framtida vil vere positiv for oss. Eg sit sjølv med ein heilt ny båt, «Luna» på 10,65 meter, som er tilpassa mitt kystfiskeri. Eg har investert i trygg visse om at eg held på med eit arbeid som skaper verdiar og der vi kan ta ut verdiane i eit evigheitsperspektiv.

Fartøya i kystflåten er i gjennomsnitt meir enn 25 år gamle. Det gler meg derfor stort når eg nærast kvar veke ser nye fartøy, som er bygd av fiskarar med pågangsmot og optimisme for framtida. Samtidig hevdar nokon at me har gjeve for lite tilbake til samfunnet. Me skulle betalt meir til fellesskapet og det blir teke til orde for ei skattlegging av fiskeria, såkalla ressursrente. Den nye firepartiregjeringa omtaler også dette i Granavoldenerklæringa.

Eg er heilt einig i at det har oppstått grunnrente, sidan det enkelte år er så stort overskot i næringa at det kan vere grunnlag for å ta ut ein ekstra skatt. Kva då med dei åra der det er låge kvotar eller låge prisar? Fiskarlaget meiner fortsatt at eit overskot best kan brukast til å oppretthalde levande fiskerisamfunn, og til å ha mange fiskebåtar av ulik storleik. Me kan frykte at dette ikkje blir tilfellet om avgiftstrykket aukar.

Eg trur ei fornuftig tilnærming er å ruste kysten for å fortsatt skape og bidra til sysselsetjing og skatteinntekter i kystkommunane. Me bør bruke gode tider til å ruste oss for moglegheiter og utfordingar i framtid, heller enn å etablere ei skattlegging som me kan frykte fører til færre fiskarar og færre båtar, noko som igjen kan redusere talet på tilsette i industrien.

Eg håpar politikarane våre ser at framtida ligg i å vidareutvikle fiskeria og sjømatnæringa, heller enn å etablere avgifter som ein kan frykte vil strupe investeringar og satsingslyst.

Mitt standpunkt er klårt når det gjeld fiskerinæringa: Dette er ei framtidsnæring! Håpet er at me, saman med alle gode krefter, kan bidra til å utvikle dei ressursane vi har tilgang til på ein god og framtidsretta måte. Då blir ringverknadene frå næringa fleire. Dette er i tråd med dei politiske ønska knytt til havet som kjelde for å sikre veksten i Noreg inn i framtida.

Norges Fiskarlags nettsteder bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen og samle inn informasjon om bruksmønstre. Vi bruker også denne informasjonen til analyseformål. Noen av disse er informasjonskapsler fra tredjepart.