Minneord om Terje Sævik

Fra mannskapet på Kings Bay 26.04.13

Minneord om Terje Sævik

Skipper Terje Sævik på «Kings Bay» døde 30. mars og ble torsdag 4. april bisatt i Herøy kirke på Sunnmøre. Mannskapet på «Kings Bay» har sendt oss minneord om skipperen sin.

«Triste og leie oss vart vi då vi meldinga kom ombord om at skipperen vår Terje Sævik hadde vorte alvorleg sjuk.

Vi håpte og trudde at denne « stormen» bakkar du deg ut av, Terje. Sjølv om vi visste og at den tørnen ville bli stride. Siste haust, når vi held på med makrellen, kom endeleg «gladmeldinga» vi alle venta på:

-Terje er frisk og kjem om bord på slutten av makrellen. Han skal berre til ein siste helsesjekk for blant anna å få sjømannsattesten.

–Men, nei! Han fekk ikkje reise ut. Vi veit at skuffelsen var stor for han då, fordi han følte seg frisk, og at sjukehuslegane sa at dei ikkje fann att spor etter sjukdomen.

Når vi så la stillt til jul forstod vi at ting var meir uvisst for han. Etter kvart som tida gjekk forstod vi at Terje kjempa med å ri av sin siste storm.

Trass i at han kjempa og streid mot sjukdomen med all sin «vilje og tel», kom den triste meldinga som vi visste ville kome:

-Terje døde i dag. Påskeafta, 30. mars, la han inn årane for godt!

Terje var for oss som skapt til sjøen, det var heilt sikkert planta frå fødselen av at han skulle gå i faren og alle brødrene sine fotspor. Vi er også visse på at det er få som hadde den ærfaringa, fartstida og ikkje minst den kontaktflata gjennom heile ringnotflåten som han hadde i frå skipperstolen.

Det var hans liv og lyst når han fekk ta telefonen å «praye» ein kollega på ein av dei andre båtane anten dei var i frå nord eller sør, også å halde seg orientert om kva som skjedde i fiskeria var han flink til..

Han kjende dei aller fleste personleg. Når vi ein og annan gong låg til kai kom det ofte karar frå andre båtar om bord for ein fiskarprat.

Terje likte seg godt då, og mang ei interessant samtale vart høyrt på.
Og halde seg orientert om si næraste familie var noko som stod høgt for han, han heldt seg oppdatert på kva dei styrte med anten det var dei heime, syskena og ikkje minst onkelbarna og deira sine.

Han gløymde heller ikkje slekt og vener, - og dei var det mange av.
At han Terje var kjent og kjær for mange visste seg til fulle når vi torsdag 4. april sat i ei fullsatt Herøy kyrkje for å fylgje han på sin siste seglas. Ei fin og verdig siste avskjedsstund fekk vi vere med på der mange fine ord og helsingar vart bore fram.

Vi har lyst å fortelje ei historie vi opplevde i Nordsjøen under sildefiske for nokre år sidan: Vi hadde funne oss ein skikkeleg sildeflekk og gjorde oss klar til kasting, vi for rundt flekken som vanleg og skulle til å kaste nota då der kom ein annan båt på innsida av oss og let nota gå.

Og vi måtte berre kome oss ut av vegen fortast råd, samtidig som dei fleste av oss nede på dekket kveste til eit og anna «styggeordet», fordi flekken var utan tvil vår, - det var vi som fant han.

Men, vi fortsatte no å leite vidare etter ein annan sildeflekk som det der og då var lite av. Då skipperen på båten hadde fått ombord ein god fangst, melde inn og var på veg til lands, kom han inn på sendaren og ropte på han Terje.

–Er du forbanna på meg no, Terje? Då svarte Terje: -- Nei, det skal du vere heilt sikker på at eg ikkje er! Så kom den gode latteren og samtala fortsatte i den gode tonen.

Det svaret sa for oss som stod på brua meir om rausheita til Terje enn noko anna! Han meinte kvart eit ord, det er sikkert og visst.

Så vil vi takke deg Terje for at vi har fått lært deg å kjenne som den for oss hedersmannen du var, og at vi fekk segle i lag med deg alle desse åra.

Takk også for alle dei gode samtalane vi hadde når vi sat i vaktstolane i lag med deg.

Takk også for den gode omsorga og det gode vennskapet du gav oss alle.

Det gjer godt for oss å få gjøyme dei gode minna, -- dei har vi mange av!

Våre tankar går no til kona Gunn, jentene og svigersønene han var så glad i.

Kvil i fred, kjære fiskarven!

Mannskapet på «Kings Bay»