Aktuelt

04.10.2017 07:55
To uker med Sildeopera
Premiere 4. oktober
To uker med Sildeopera
Operaplakaten for Sildagapet
Ill: Opera Nordfjord

«Sildagapet» har onsdag 4. oktober premiere i Nordfjord og skal spilles hele åtte ganger. Sildeeventyret på 50-tallet er det bærende i operaforestillingen.

«Kjærleik og sjalusi» er klassiske operagrep som tas i bruk når kysteventyret fra 50-tallet blir gjenskapt av Opera Nordfjord i bestillingsverket «Sildagapet - ein opera om havets sølv»

Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde har henta handlingen fra det eventyrlege sildefisket langs kysten på 1950-talet. Operaen skal spilles hele åtte ganger frem til avslutningshelgen og forestillingen 15. oktober.

Om DU vil se «Sildagapet» på Nordfjordeid kan du finne mer informasjon og billettinformasjon i denne eksterne linken.

Vi gjengir her en omtale av forestillingen fra Opera Nordfjord i Måløy og ønsker lykke til med både premieren og de øvrige forestillingene:

«Brykkjete notbasar, Frelsesarmémøte, sjaulsi, ung kjærleik og Snurpedans i Turnhallen vert nokre av ingrediansane. Solistlaget er samansett av songarar med lokal og regional tilknyting og ein «gjestesolist» frå Nord-Norge.

Familieoperaen Sildagapet skildrar det yrande folkelivet i Måløy på midten av 1950-talet, då det eventyrlege sildefisket dobla folketalet i kystbyen. Historia er oppdikta, men librettist Jostein Avdem Fretland har lagt vekt på at dei historiske referansane skal bli så autentiske som mogleg. Dei som huskar Måløy frå etterkrigstida vil garantert kjenne seg igjen i mange av scenene frå hamna og Turnhallen i Måløy.

Operakoret og barnekoret er samansett av songarar frå Gloppen, Stryn, Volda, Vågsøy, Herøy og Eid og vert viktige bidragsytarar til eit fargerikt og høglytt folkemylder på scena! Operaen varer ca. 2t 20 min.»