Aktuelt

11.02.2016 10:10
Mintes forlis i Austevoll
M/S «Lindøy»
Mintes forlis i Austevoll
Øystein Rabben (t.v.) heldt minnetale ved bautaen i samband med kransenedlegginga.
Foto: Britt Sæle Instebø

I Austevoll vart det onsdag halde ei stor minnemarkering 70 år etter forliset med M/S «Lindøy». 20 mann omkom i forliset.

På vegne av Austevoll Fiskarlag, Fiskarlaget Vest og kyrkjelyden i Austevoll opna leiaren i det lokale Fiskarlaget Øystein Rabben minnesamlinga med tale.

Forliset skjedde utanfor Byrknesøy mellom kl. 14 og 15 på ettermiddagen den 10. februar 1946.
20 menn omkom. Av desse vart berre seks funnen og fekk ei vigsla grav. Mange av dei omkomne var frå Austevoll.

Minnesteinen etter forliset blei sett opp i samband med 50-årsmarkeringa i 1996.
Den 26. mai det året var det avduking av bautaen ved biskop Ole D. Hagesæther, mintes Rabben.
Han sa at det i samråd med Fiskarlaget Vest no blei bestemt at det var tid for å halde ei minnemarkering om hendinga, før det minkar for mykje på nære etterkomarar.

-Det gjekk 50 år før steinen vart reist, og da ikkje etter initiativ frå fiskarorganisasjonane. Det var slektsfolk som tok tak i saka, men då kom næringslivet, fiskarane og fiskarorganisasjonane etter og var med på finansieringa, fortalte Øystein Rabben.
Han viste også til at det ofte er slik med fiskarane, som det står i songen ”Den norske sjømann” av Bjørnson, når det skjer ei ulukke: ”Det nevnes ikke nettopp straks, for titt er ingen med som bringe kan beskjed”.

Øystein Rabben sa at omkomne på havet ofte lett vert gløymt. Han minna om at vi har kvarandre berre til lån ei kortare eller lengre stund og oppmoda om å verte flinkare til å ta vare på stundene vi har saman.
-Vi må hugse på å vera medmenneske for kvar andre, leve for kvar andre, fylle stundene me har ilag med godheit og med varme, gjerne med leik og dans, glede og smil, sa den lokale Fiskarlagsleiaren.

Det blei lagt ned blomekrans frå Fiskarlaget Vest og Austevoll Fiskarlag, i tillegg til andre, ved minnesteinen etter forliset.
Etter kransepålegginga ved minnebautaen blei det halde gudsteneste og kyrkjekaffe.