Fiskarlaget Nyheter

16.12.2019 07:50
Ny leiar
Sør-Norges Not
Ny leiar
Arild Sekkingstad fekk gåve og takkehelsing frå den nye leiaren under årsmøtet i Bergen
Foto: Eirin Kongestøl Espeland

Sør-Norges Notfiskarlag har fått ny leiar. Roar Benjaminson er på årsmøtet vald til ny leiar etter Arild Sekkingstad.

Årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag ble fredag halde ved Hotel Norge i Bergen. 

Ved sidan av formelle årsmøtesaker var i alt tre andre saker på dagsordenen.

Knut Torgnes frå Norges Sildesalgslag innleia under ei sak om marknad og utvikling for pelagisk fisk i 2020.

Generalsekretær i Norges Fiskarlag Otto Gregussen drog linjene frå Landsmøtet i Fiskarlaget og var innom mellom anna Kvotemedlinga.

Leif Nøttestad fra Havforskningsinstituttet orienterte om årets makrelltokt, nvg-sild, nordsjøsild og lodde i Barentshavet for 2020.

På bildet er den den nye leiaren Roar Benjaminson som gir avtroppande leiar Arild Sekkingstad ei gåve med takk for innsatsen.