Fiskarlaget Nyheter

02.12.2019 13:30
Forhandlingar med EU
Verdi 8 milliardar
Forhandlingar med EU
Fiskeridirektør Liv Holmefjord er vertskap for forhandlingane med EU, som går føre seg i kontora til Fiskeridirektoratet i Bergen. Delegasjonen vert leia av NFD.
Foto: Jan-Erik Indrestrand

Denne veka møtast Noreg og EU i Bergen for å forhandle fiskeriavtalen for neste år. Avtalen har ein verdi på om lag 8 milliardar kroner.

– Avtalen med EU er viktig for Noreg. Saman kan vi sikre ansvarleg forvaltning av fiskebestandane i Nordsjøen. I år fokuserer vi særleg på forvaltning av torsk og tiltak som skal beskytte torskeyngel og småfisk i Nordsjøen, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Første del av forhandlingane fann stad i London førre veke. No held dei fram i Bergen. Partane må bli einige om ein avtale innan 6. desember.

Norges Fiskarlag er representert med ein breidt samansett delegasjon som ein del av det norske forhandlingslaget. Vi stiller med: August Fjeldskår, Valter Rasmussen, Per Magne Eggesbø, Gjert Dingsør og Jan Birger Jørgensen.

Det er Nærings- og fiskeridepartementet som leiar den norske delegasjonen.

 

Fiskeriavtalen og brexit

Norsk fiskeripolitikk og forvaltning er ikkje ein del av EØS-avtalen. Derfor forhandlar vi kvart år med EU om ein fiskeriavtale. Det har vi gjort i over 40 år, poengterer NFD i ei presseomtale.

Dersom Storbritannia forlét EU 31. januar med ein avtale, vil fiskeriavtalen partane skal forhandle om i Bergen også gjelde for Storbritannia for heile 2020.

Etter brexit må Noreg forhandle med både Storbritannia og EU som sjølvstendige partar. Det betyr i praksis at det blir tre aktørar som saman må forvalte felles fiskebestandar i Nordsjøen.

 

Todelt avtale

Fiskeriavtalen har to delar.

  1. Den første delen av avtalen handlar om forvaltning av felles fiskebestandar som torsk, hyse, sild og sei i Nordsjøen og Skagerrak.
  2. Den andre delen av avtalen handlar om kvotebytte. Kort forklart får EU torsk-, sei- og hysekvote i Barentshavet og nokre kvoter i Nordsjøen. Noreg bytter til seg kolmule, lange/brosme, blåkveite og andre bestandar i EU-farvatn. I tillegg får vi delar av EU si kvote i Grønlands farvatn, blant anna blåkveite, uer og lodde.

Fiskeriforhandlingane mellom Noreg og EU er lagt til Fiskeridirektoratet sine lokale i Bergen og heile denne veka er sett av til prosessen.

Forhandlingane opnar måndag 2. desember klokka 14.