Fiskarlaget Nyheter

17.09.2019 13:10
God deltaking
«Kystens framtid i nye Vestland»
God deltaking
Konferansier Øystein Sandøy og forsamlinga idet arrangementet ved Iglandsvik Næringspark startar opp.
Foto: Henriette Skaar

Konferansen «Kystens framtid i nye Vestland» er no i gang med god deltaking og i regi av Sogn og Fjordane Fiskarlag. Hovudtema tysdag og onsdag er regional utvikling og kvotemeldinga.

Det er i samband med regionreforma som trer i kraft 1. januar 2020 og overføringa av ansvaret for fiskerihamnene frå Kystverket til dei nye regionane at Sogn og Fjordane Fiskarlag inviterer til konferansen i Bremanger kommune.

Stortingsmeldinga om kvotesystemet i fiskeria vil og vere sentral på agendaen i løpet av dei to konferansedagane ved Iglandsvik Næringspark.

Ei rekkje sentrale personar både i forvaltninga, politikken og i organisasjonen deltar med innlegg.

– Vi er godt nøgd med både samansetjinga av programmet og deltakinga, seier dagleg leiar Henriette Skaar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Målgruppa for konferansen er aktive fiskarar og andre næringsaktørar, samt forvaltninga og dei politiske miljøa.

Programdetaljar for konferansen «Kystens fremtid i nye Vestland»

Tysdag 17.09:

  • 12:00 – 12:45: Lunsj/registrering
  • 12:45 – 13:15: Innlegg ved advokat Bjørn Sørgård i Advokatfirmaet Haavind
  • 13:15 – 13:45  Innlegg ved administrerande direktør Fiskebåt, Audun Maråk
  • 13:45 – 14:15: Innlegg ved dagleg leiar Fiskarlaget Nord, Jon-Erik Henriksen
  • 14:15 – 14:45  Innlegg ved fiskeripolitiske talsmann, Tom Christer Nilsen i Høgre
  • 14:45 – 15:15  Innlegg ved påtroppande fylkesdirektør for innovasjon og næring, Bård Sandal
  • 15:15 – 15:45  Innlegg ved Landsstyrerepresentant Geir Magne Røys i Norges Fiskarlag
  • 15:45 – 16:15  Innlegg ved bedriftsrådgjevar i  Sparebanken Sogn og Fjordane, Steinar Ryland
  • 16:15 – 17:00  Pause med lett servering
  • 17:00 – 18.00  Omvisning Iglandsvik Næringspark og sjarkflåten i Bremanger
  • Middag klokka 20:00 på Havly

Onsdag 18.09.:

  • 10:00 – 10:30: Innlegg ved dagleg leiar i Mannskapsseksjonen i Norges Fiskarlag, Audun Stautland
  • 10:30 – 12:00 Debatt
  • Lunsj før avreise