Fiskarlaget Nyheter

14.05.2019 07:55
Oppjusterer tobis
Opp 70 000 tonn
Oppjusterer tobis
Med grunnlag i ein høg biomasse av tobis målt under årets tokt, rår Havforskingsinstituttet til at årets tobiskvote aukar til 125 000 tonn i underområda 1b, 1c, 2b, 2c, 3b, 3c og 4a. Område 5 (Vikingbanken) forblir stengt grunna lågt biomasseestimat.
Foto: Kenneth Dahl

Havforskningsinstituttet har oppdatert kvoterådet for tobis. Det går opp med 70 000 tonn – frå 55 000 til 125 000 tonn.

Forskar Espen Johnsen er så vidt komen i land frå det årlege mai-toktet på tobisfelta i Nordsjøen. Med seg har han eit oppdatert tobis-råd, som er utarbeidd om bord etter kvart som ekkolodd-data og de biologiske prøvane er samla inn. Tobis er ein av dei få bestandane HI gjev råd på utanfor ICES-systemet, melder HI på sin nettstad.

God rekruttering

– Vi konstaterer at det er relativt god rekruttering hos tobisen. Rekrutteringa er blant dei tre beste vi har dokumentert dei siste åra, fortel Espen Johnsen. Dei lyse utsiktene gjer at kvoterådet går markant opp.

Les bakgrunnen for kvoterådet her: Toktrapport for tobis, mai 2019

HI driv områdebasert forvalting der tobisbankane er delt inn i fleire delområde. Nokre delområde er alltid stengt for å sikra lokal rekruttering. Delområda 1b, 1c, 2b, 2c, 3b, 3c og 4a er åpne for tobisfiske, men det blir ikkje opna for fiskeri på Vikingbanken, der bestanden framleis er kritisk låg.

2016-årsklassen har lagt på seg

Toktet viser også at det er meir biomasse av årets treåringar enn kva det kunne sjå ut som frå fjorårets tobistokt.

– Den historisk sterke 2016-årsklassen dominerer på tobisfelta, og dei nye toktresultata stadfestar at det er snakk om ein kolossalt god årsklasse. Det lovar godt for bestanden, seier Espen Johnsen.

Tar igjen vekttap

Under den seine og kalde våren i fjor var forskarane uroa for dei unge tobisane. Fiskane var skrinne. Espen Johnsen fortel at tobisen er i god stand i år, og at mattilgangen er god.

– Men tobisen har ikkje klart å henta seg inn 100 prosent etter den dårlege veksten dei hadde i fjor.