Fiskarlaget Nyheter

05.11.2018 07:30
Fiskeri- og miljødebatt
I Volda mandag
Fiskeri- og miljødebatt
Ole Morten Sorthe, daglig leder i Møre og Romsdal Fiskarlag
Foto: Jan-Erik Indrestrand

Møre og Romsdal Fiskarlag deltar med innledning når SV inviterer til debatt i Volda mandag kveld. Hva kommer etter oljen, hvordan løse arealkonflikter og hvordan best løse det grønne skiftet er tematikk i møtet der også SVs Torgeir Knag Fylkesnes er med.

I ei pressemelding melder SV:

– Klimaendringane tvingar oss til å erstatte oljealderen med nye, grøne næringar. Primærnæringar som landbruk og fiskeri vert stadig viktigare, det same vert havbruk, fornybar energi og miljøteknologi. Men korleis skal vi sikre at desse næringane spelar på lag med naturen, at dei skaper arbeidsplassar ute i lokalsamfunna, og – kven skal eige og ha inntektene frå naturressursane? Dette er spørsmål Torgeir Knag Fylkesnes skal prøve og svare på i foredraget sitt.

Til å utfordre han har arrangøren, SV-laga på Søre Sunnmøre, invitert nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Gunnhild Overvoll, dagleg leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag, Ole Morten Sorthe, og leiar i Naturvernforbundet i Volda Ørsta, Knut Festø.

Før møtet skal SV-politikaren vitje eit oppdrettsanlegg i Volda, Runde miljøsenter og Tango Seaweed, som satsar på dyrking av tang og tare.

Tid og stad:

Møtet blir på Høgskolen i Volda måndag 5. november kl. 18.00–19.30