Fiskarlaget Nyheter

13.02.2018 10:30
Fiskeflåten blir hybrid
Også på redskap
Fiskeflåten blir hybrid
Nye «Atlantic»
Ill:Skipsteknisk as

Linebåtredereiet Atlantic Longline i Ålesund har bestilt det første nybygget i norsk fiskerihistorie som har både linedrift og snurrevad. Det nye fartøyet blir eit miljøskip med batteriteknologi som vil redusere både utslepp og diseselforbruk.

Nybygget til Atlantic Longline AS blir det første hybride linefartøyet i landet.

- Vi er svært opptatt av å få klimagassutsleppa så lave som mogleg. Batteripakken som kjem om bord i Atlantic vil først og fremst avlaste hovudmotoren, slik at den kan gå jamnare og på eit meir gunstig turtall. Til dømes når vi går i ruskete sjø vil dette ha stor innverknad. I tillegg til batteripakken har vi gode system for gjenbruk av varme, og vi har den beste teknologien for å redusere NOx-utsleppa, seier Kjell-Gunnar Hoddevik, skipper og dagleg leiar i Atlantic Longline til Fiskebåt.

Miljøteknologi

Det er no fleire fiskebåtreiarar som satsar på miljøvennlege og energieffektive løysingar når dei bygger nytt. Reiarlaget Lie Gruppen i Hordaland, har nyleg kontrahert ein hybrid snurpar som vekslar mellom LNG og straum.

- For oss er det viktig å vere i forkant når det gjeld å ta i bruk miljøteknologi. Ved å ta i bruk LNG med elektrisitet, tar vi eit langt steg i retning av å redusere klimagassutsleppa. NOx-utsleppa blir redusert med 90 prosent og CO2-utsleppa med 20 prosent, seier dagleg leiar i Liegruppen fiskeri, Ole Christer Lie.

Miljø sentralt på Fiskebåtårsmøtet

Miljøutfordringane er også hovudtema når Fiskebåt held sitt årsmøte i Oslo 14. og 15. februar.

Administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt seier dei er nøgd med å få klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) som hovudinnleiar på årsmøtet. Maråk seier fiskeflåten er offensive når det gjeld å ta i bruk ny teknologi for å redusere utsleppa av klimagassar.

Les også Fiskebåt si årsmelding for 2017.


Fakta om Atlantic:
- Fartøyet er 62,80 meter lang og 14,0 meter brei.
- Er utstyrt for å fiske både med line og snurrevad.
- Har hybrid framdriftssystem som kombinerer diesel og elektrisitet.
- Blir bygd ved verftet Tersan i Tyrkia.
- Planlagt levering er i oktober 2019.
- Skipet er designa ved Skipsteknisk i Ålesund.

Fakta om Libas
- Fartøyet er 86 meter lang og 17,80 meter brei.
- Er utstyrt som snurpar og for både singel- og dobbeltrål
- Har hybrid framdriftssystem som kombinerer LNG og elektrisitet.
- Har ein 350 cum LNG tank.
- Blir bygd ved Cemre i Tyrkia.
- Skipet er designa av Salt Ship Design på Stord.