-Historisk dag!
Takker alle for jobben!
-Det er ei glede og ei ære å få ønske velkommen til stiftelsesmøte i Nord Fiskarlag. Me kan trygt seie at dette er ein historisk dag, om ikkje i verdenshistorien, så i alle fall i Norges Fiskarlag sin historie, sa Kåre Heggebø då han åpna stiftelsesmøtet.
-Dagen idag markerer starten på ein ny struktur i Norges Fiskarlag, understreka leiaren i Norges Fiskarlag og viste til prosessen som har pågått over tid og fram mot dagens stiftelsesmøte.
-Tidlegare i haust fatta årsmøta i Fiskarlaget Nord, Nordland Fylkes Fiskarlag og Fiskarlaget Midt-Norge likelydande vedtak om å slå seg saman til det nye Nord Fiskarlag, sa han og peika på at det har blitt jobba godt av dei tillitsvalgte, leia og vegleia av Johan Williams, med mål om å skape eit enda bedre tilbud til medlemmane våre. Alt for å sikre at Fiskarlaget også i framtida skal vara den viktigaste premissleverandøren i fiskeripolitikken og andre saker som angår fiskerane sine interesser.
Viktig med samhald
Leiaren i Fiskarlaget heldt sin velkomsttale til eit stiftingsmøte der det deltek i alt 71 utsendingar frå Frøya i sør til Kirkenes i nord.
Han la ikkje skjul på at dei siste åra har vore gode for norsk fiskerinæring, samtidig som det også er skyar på himmelen.
-Me ser no ei usikkerhet rundt oss som vil prega tida framover.Krigen i Ukraina, skyhøge drivstoffprisar, stigande rente og inflasjon. Dette påverkar også oss fiskerar direkte, sa Heggebø.
Han mana derfor til det samhaldet som stiftingsmøtet inneber:
-Desse tinga eg no nevnte er i seg sjølv grunnar nok til at me treng eit sterkt og kompetent Fiskarlag. Men så er det ikkje slik at alle saker og uenigheter løyser seg automatisk om me gjer ei omorganisering. Me må også inn i framtida være villig til å kompromisse internt for å stå sterke og tydelige utad.
Viktig tid
Kåre Heggebø peika også på at det i fiskerinæringa er mange store og viktige saker på dagsorden for tida.
-Me står no midt oppi arbeidet med mange viktige saker, ny kvotemelding, sporing og rapportering for den minste flåten, arealkamp mot vindkraftnæringa og havdelingshøyring.
-Flere av desse sakene er av ein slik art at dei kan slite på samholdet internt, men dei kan også styrke oss som organisasjon dersom me klarer å tala med ei tydeleg stemme utad, peika han på overfor dei 71 utsendingane i salen ved Quality på Gardermoen.
«Upolitisk» møte
Organisasjonspolitisk er stiftingsmøtet så absolutt viktig, men sjølve møtet tirsdag har ikke fagpolitiske saker på dagsorden. Møtet har berre ein formell agenda knytt til at laget skal stiftast innanfor den nye ramma.
Du kan sjå agenda for dagen og kort omtale av det politiske seminaret som er lagt til onsdag føremiddag som ein del av samlinga – i denne lenka til nettsida vår.
Ein viktig ressurs
Leiar Kåre Heggebø omtale avslutningsvis dei tilsette som lagets viktigaste ressurs.
-Eg vil minne årsmøtet på at dei tilsette er både hjerte og hjernen i laga, i både gode og vonde dagar. Eg vil derfor takka alle at de i denne litt uvisse tida har stått på som vanlig, og litt til. For det er ikkje til å unngå at slike prosessar skaper usikkerhet og uro for framtida. Tusen takk for det, sa leiaren – før han avslutta med ein verbal salutt:
-Då er det ei stor ære å få erklære Stiftingsmøtet i Nord Fiskarlag for opna. Lukke til!