
HI: Store sildestimar
Tokt i nord
HI skildrar overvintringstoktet på sild som ein suksess. Forskarane ser høg tettleik av sild. Og det er to årsklassar som skil seg ut.
Sidan 2017-2018 har store mengder nvg-sild overvintra i Kvænangen-området. Dei siste to vintrane har ho også teke seg til rette i Altafjord-området.
– På ekkogrammet frå Altafjorden såg vi omtrent fem kilometer samanhengande med sild frå 100 meter til 350 meters djupne. Det er ganske enorme mengder, seier havforskar og toktleiar Espen Johnsen (bildet nedanfor) i ei nettsak hos HI.

Det var i desember at forskarane om bord på fartøyet «Johan Hjort» gjorde ei kartlegging av overvintringsområda til norsk vårgytande sild.
Svært krevjande vêrforhold gjorde denne gongen at områdedekninga til havs vart noko mindre enn opphaveleg planlagt, men toktet var likevel ein suksess, melder forskarane.
På det akustiske tråltoktet undersøkte forskarane områda kor dei rekna med at silda overvintra i Nord-Troms og Vest-Finnmark.
Silda er dynamisk i vintervanane sine. Etter å ha opphalde seg same staden vinter etter vinter, kan ho plutseleg flytte på seg.
– Vi såg store stimar med høge tettleikar av sild i indre deler av Kvænangen, i Altafjorden og i vestre del av Sørøysundet, seier havforskaren.
I områda kring Hammerfest, ytre del av Kvænangen, Lopphavet og vest av Skjervøy, såg havforskarane ubetydelege mengder sild.
Tokt-resultata viser at det særleg er to årsklassar som dominerer hos nvg-silda som har brukt vinteren i nord.
– 2016-årsklassen og 2021-årsklassen utgjorde omtrent 70 prosent av individa. Det er dei sterke åtteåringane og dei lovande treåringane, seier Johnsen.
Funna frå dette toktet går ikkje inn i bestandsvurderinga, men dei samsvarar med data forskarane har frå andre tokt.
– Dette styrker funna vi har frå tidlegare om at 2021-årsklassen er over middels sterk, endå det er for tidleg å setje to strekar under svaret.
