Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
11.08.2014

Herøy Fiskarlag:

Nei til meir struktur i ringnot!

Eit stort fleirtal av medlemsmøtet i Herøy Fiskarlag sa i går nei til meir struktur i ringnotflåten. Framlegget frå Nærings- og fiskeridepartementet om å auke kvotegrunnlaget i ringnot frå 650 til 850 basistonn fekk 7 stemmer i medlemsmøtet, medan 16 stemde for å halde på dagens ordning.

Styret i det lokale fiskarlaget la fram to alternativ til medlemsmøtet.

Det eine var eit framlegg om å seie ja til meir struktur basert på ei auke til 850 basistonn som er i tråd med departementet sitt framlegg.

Det andre framlegget som fekk fleirtal var ei lenger grunngjeving kvifor det lokale fiskarlaget ikkje ville tilrå ei endring i strukturkvoteordninga der 850 basistonn skulle vere grunnlaget. Styret viste til at den direkte linken mellom auka lønnsemd og auka strukturering er svært svak i ringnot på grunn av dei store kapitalkostnadane som strukturering dreg med seg. « Det er i lang tid vore ei politisk målsetting at Noreg skal vere verdas beste sjømatnasjon. Dette oppnår ein ikkje med å legge til rette for ordningar som reduserer talet på dei mest attraktive arbeidsplassane i næringa» heiter det blant anna i vedtaket Medlemsmøtet gjekk i tillegg inn for at tidsavgrensinga for strukturkvoter burde aukast frå dagens 20 og 25 år, til 30 år.

Herøy Fiskarlag består av mange ringnotfiskarar og dei fann det ikkje rett å uttale seg sterkt om framlegg til auka struktur i torsketrål.

Administrativ leiar i Møe og Romsdal Fiskarlag Ole Morten Sorte innleia i saka og presenterte nokre nøkkeltal for ringnotflåten. Han viste til at på langt nær alle båtar har nådd dagens grense på 650 basistonn. Han viste også til at dersom alle fartøy eventuelt får anledning til å strukturere opp til 850 basistonn og nytter seg av det, så vil flåten bli redusert frå dagens 79 fartøy til 50 fartøy. Han viste også til at dei samla inntektene til ringnotflåten hadde gått ned frå 3,6 milliardar kroner i 2012, til 3,15 milliardar kroner i 2013.- Likevel er det denne flåtegruppa som har best lønnsemd og gir best lott til mannskapet, sa Sorte.

I ringnotmiljøet i Herøy kunne det virke som om debatten om dette vanskelige spøsmålet var ferdig fø møtet. Det blei ingen debatt og styreleiar Arve Myklebust gjekk rett til votering som for høvet var skriftleg. Det var mange frå mannskapssida rundt bordet og det er ingen løyndom at dei er svært kritisk til meir strukturering og fråfall av gode arbeidsplassar.

Tekst og foto: Knut Arne Høyvik