
Har du fått vedtak?
Fiskarmanntallet
Fiskeridirektoratet har no gjennført sin årlege revisjon av Fiskarmanntalet. Dersom du har fått vedtak om at du ikkje lenger oppfyller vilkåra, vil du frå 1. januar 2026 bli sletta frå manntalet. Dette kan du klage på, om du meiner det er feil.
Kvart år gjennomfører Fiskeridirektoratet ei oppdatering av fiskarmanntalet. Oppdateringa skjer på grunnlag av opplysningar frå Skatteetaten og NAV om inntekt, arbeid, trygd og bustad.
Fiskarar som ikkje lenger oppfyller vilkåra for å stå i manntalet, kan bli sletta eller flytta, påpeiker Fiskeridirektoratet i omtalen du finn i denne lenka.
Viktig informasjon
Forslag til fiskarmanntal for 2026 er lagt ut på Fiskeridirektoratet si heimeside.
For dei som står på Blad B (hovudnæring) og har fått eit slikt vedtak, er det vurdert om du kan overførast til Blad A.
Klagefrist
Vedtaket om sletting kan du klage på innan 01.12.2025, i tråd med reglane i forvaltingslova.
Du finn meir informasjon om korleis du klagar i lenka (over). All kontakt t i saka må merkast med saksnummer og Fiskeridirektoratet ønsker primært digitalt kontakt, påpeikar dei i omtalen av denne saka.
