21.01.2026

Fullt hus hos Fiskebåt

Årsmøtet 2026

Fiskebåt melder at årsmøtet i februar er fullteikna og at statsråden deltek når årsmøtet opnar på Bristol i Oslo 10. februar.

I ein omtale av årsmøtet informerer Fiskebåt om at det etter styreleiar Christian Halstensen sin opningstale, er stadfesta at statsråd Marianne Sivertsen Næss vil gje ei orientering om regjeringa sin nærings- og fiskeripolitikk.

– Vi set stor pris på at fiskeriministeren kjem på vårt årsmøte, og treffer våre medlemmar. Vi er også glade for den store interessa for fiskerinæringa, og at Hotel Bristol også i år fyllast opp med 400 deltakarar frå alle delar av fiskerinæringa, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Fiskebåt dreg også eit globalt perspektiv inn i møtet. I alt tre foredragshaldarar kjem til å innleie om den geopolitiske situasjonen. Temaet blir det internasjonale bildet med stormaktsrivalisering, og det krevande farvatnet som norsk fiskerinæring må navigere i. Det blir innlegg frå statssekretær, Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet, professor Øystein Tunsjø frå Forsvarets Høgskule og politisk redaktør Kjetil Alstadheim i Aftenposten.

Fiskeria har også utfordringar med låge kvotar for fleire fiskeslag. Forskingssjef Geir Huse (bildet over) ved Havforskingsinstituttet kjem til årsmøtet for å oppdatere forsamlinga om situasjonen i havet.

Programmet startar kl. 09.00 tysdag 10. februar. Detaljert program vil bli lagt ut når dei siste detaljane er på plass.

Onsdag 11. februar blir det ordinære årsmøtesaker, og ei orientering om vegen vidare etter at Fiskebåt melde seg ut av Norges Fiskarlag på landsmøtet i november 2025.

Årsmøtet er lagt til konferansesalen ved Hotel Bristol i Oslo. Møtet blir overført digitalt for dei som ikkje har høve til å delta i salen, opplyser Fiskebåt.