Forlik i Remøy-saka
Staten betaler
Remøy Havfiske får dekt utgiftene til bøtene for reiarlag og skipper, men berre delar av sakskostnadane i samband med arresten i Russland. Avtalen mellom reiarlaget og norske styresmakter har ei ramme på 11,2 millionar kroner.
-Etter ei heilheitsvurderuing har vi kome til at dette er ein avtale vi kan klare å leve med, sjølv om vi på langt nær har fått kompensert tapa våre i samband med denne saka, seier Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske AS til Fiskebåt.
Arrest
Reketrålaren Remøy blei tatt i arrest av russisk kystvakt 10. mai i fjor, som følgje av at Fiskeridirektoratet hadde gjort ein feil ved utfylling av eit lisensskjema til russiske styresmakter. Fartøyet fiska på ei norsk kvote i russisk sone, og rapporterte dagleg fangstane til norske og russiske styresmakter, slik reglane krev.
Etter tre veker i arrest fekk Remøy forlate Murmansk, etter at norske styresmakter stilte garanti for at ei eventuell straffeforfølging ville bli gjort opp.
Saka har vore oppe for russisk rett fem gongar, og endte i desember i fjor med at Remøy Havfiske fekk ei bot på 5,4 millionar kroner, medan skipperen fekk ei bot på 2,7 millionar kroner.
Store tap
I tillegg til bøtene har reiarlaget hatt store utgifter til sakskostnader og advokatutgifter. Tre veker i arrest førte også til betydelige tapte fangstinntekter.
– Vi er glade for at vi endelig kan legge denne saka bak oss.Det samla tapet for reiarlag og mannskap er stort, men dette var så langt det var mogleg å kome, seier Remøy.