Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
08.10.2014

Fiskeridirektoratet styrkes

Får 10 millioner mer

Regjeringa vil styrke Fiskeridirektoratet med ti millionar kroner.- Regjeringa vil byggje opp eit nytt og meir effektivt system med tilsyn og kontroll i fiskeri- og havbruksnæringa, seier fiskeriministeren.

Fiskeridirektoratet skal bruke pengane til å forbetre verktøya for IKT og saksbehandling. Det skal sikre raskare saksarbeid i Fiskeridirektoratet og betre samarbeidet med andre etatar, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Løyvinga skal bidra til eit meir effektivt og dekkande kontrollsystem i fiskeri- og havbruksnæringa.
– Systemet vil òg forenkle utvekslinga av informasjon mellom næringa og styresmaktene, seier fiskeriminister Aspaker.
Les heile forslaget til budsjettet for Nærings- og fiskeridepartementet