– Fiskeflåten treng fleire dyktige jenter
Kampanje
– Eg stortrivst i jobben som fiskar. No vil eg at fleire jenter skal sjå kor spennande yrke dette er, seier Vilde Strandman (27), fiskar på fabrikktrålaren Ramoen.
Vilde Strandman frå Ålesund er ei av fire kvinnelege fiskarar som no skal fortelle andre jenter om dei spennande moglegheitene som er innan fiskaryrket.
Gjennom ein digital kampanje skal jenter i alderen 15 til 25 år, kunne spørre aktive kvinnelege fiskarar om korleis livet på sjøen er. Kampanjen «Jenter om bord» blei lansert av Fiskebåt under Arendalsuka tysdag.
– Dei kan spørre om alt dei lurer på. Det kan vere alt frå praktiske ting, som kva dei gjer på jobben, og om dei lurer på korleis arbeidsmiljøet er om bord. Så vil dei få svar gjennom ein videosnutt frå ei av dei fire jentene som er med i denne kampanjen, seier rådgivar Susanne Giske i Fiskebåt.
Saman med kollega Jannicke Gangstad, er ho ansvarleg for kampanjen som skal vare ut året.
– Vi håpar og trur på stor interesse. Dei siste åra har det blitt fleire kvinnelege fiskarar, noko som er bra også for arbeidsmiljøet om bord i fiskebåtane. Vi trur det er mange som sit med spørsmål som dei ønskar svar på, seier Gangstad
Og gode svar skal dei få lovar Vilde Strandman i ei pressemelding frå Fiskebåt. Ho er ein av fire kvinnelege fiskarar som skal svare på spørsmål som kjem inn.
– Eg skal gjere mitt beste, og ser det som viktig at vi får rekruttert fleire jenter, seier Strandman.
Dei fire som skal svare på spørsmål som kjem inn, er på forskjellige typar fiskebåtar, og har forskjellige oppgåver om bord.
– På den måten vil vi kunne gi gode og relevante svar på det jentene på land lurer på, seier Susanne Giske i Fiskebåt.
Du finn meir om kampanjen på https://www.jenterombord.no
Kampanjen blei tyrsdag lansert under eit arrangement saman med Fiskarlaget og Sør-Norges Fiskarlag på Arendalsuka.
I etterkant av lanseringa blei det halde ein samtale om korleis det kan tilretteleggjast for gode arbeidsmiljø om bord i fiskefartøy.
Odd Kristian Dahle (nærmast) frå Fiskebåt leia samtalen der følgjande deltok:
- Vilde Kaldhol Strandman, fiskar på Ramoen
- Alf Tore Sørheim, sjøfartsdirektør
- Christian Halstensen, fiskebåtreder og styreleiar i Fiskebåt
- Statssekretær Kristina Hansen, Nærings- og fiskeridepartementet
- Hanna Bakke-Jensen, rådgiver i Norges Fiskarlag
Vilde Strandman (bildet) hausta latter frå dei frammøtte i «Bakgården» i Arendal då ho fortalde om skipperen som merka det svært godt at han fekk kvinner om bord.
Effekten han la merke til var at det gjekk så mykje meir dusjvatn. Det viste seg at mannskapet dusja mykje meir etter at kjønnsbalansen blei endra (!).
Ho påpeika også at mange ting kan vere naturleg for den som er om bord på ein båt, men at spørsmåla som kjem tyder på at det ikkje er like sjølvsagt for den som ikkje har erfaring frå havet.
Ho meiner derfor det er fint å få vere med i kampanjen og bidra til at både gutar og jenter får meir kunnskap om det som skjer om bord.