11.12.2023

Fiskarmanntalet 2024

FRIST denne veka

Framlegg til fiskarmanntal for 2024 er sett opp og er lagt ut til offentleg innsyn fram til slutten av denne veka, 15. desember.

Vi minner med dette om at Fiskeridirektoratet 24. november la ut årets manntal. Dei peika der på at det er kvar enkelt si oppgåve å kontrollere sin manntalsstatus for komande år.

Den som meiner seg feil stroken eller feil ført, kan klage skriftleg til manntalsførar innan tre veker frå 24. november. Naudsynt dokumentasjon må følgje med.

Fiskeridirektoratet er manntalsfører for heile landet.

Du kan sjå og sjekke fiskarmanntalet for kvart enkelt fylke hos Fiskeridirektoratet i denne lenka

• Skriftleg klage med grunngjeving sender du til: postmottak@fiskeridir.no

• Postadresse: Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen

• eDialog: eDialog – send Fiskeridirektoratet post og dokument sikkert

Spørsmål om manntalsstatus kan rettast til Fiskeridirektoratet på telefon 55 23 80 00