Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
22.08.2018

Fikk miljøpris

Kenneth Bruvik

Fiskeridirektoratets miljøpris 2018 er gitt til Kenneth Bruvik frå Fjell i Hordaland. I mange år har han vore spesielt opptatt av forsøpling av havet og kysten, og har skapt og vedlikehalde eit stort engasjement både lokalt, nasjonalt og internasjonalt for å få merksemd om marin forsøpling.

Prisen vart delt ut av fiskeriminister Harald T. Nesvik og fiskeridirektør Liv Holmefjord på Nor-Fishing i Trondheim.

Folkeleg engasjement

Etter at ein gåsenebbkval vart funnen med magen full av plast på Sotra i januar 2017 har Bruvik stått for eit folkeleg engasjement for å få redusert marin forsøpling. Fiskerinæringa er ei av kjeldene til plastforurensing i havet og forsøpling av kysten, og det er stort behov for den type engasjement som Kenneth Bruvik står for. Det skriv Fiskeridirektoratet i ein omtale av pristildelinga.

Men engasjementet til Bruvik starta lenge før den såkalla plastkvalen vart funnen på Sotra. Gjennom sitt arbeid i Hordaland Jeger og Fiskerforening med ungdomar som slit med å tilpasse seg ein ordinær skuledag, har han i over 20 år både registrert og plukka opp stadig større mengder plastavfall langs strender og i viker på kysten.

Det nyttar

– Forurensing av havet er ein stadig større trussel mot alt liv i havet, og engasjementet vinnaren av årets miljøpris har skapt og halde vedlike har gitt oss trua på at det nyttar – at vi kan snu ei ødeleggande utvikling og dermed redusere og fjerne forurensing til havet og på kysten, sa fiskeridirektør Liv Holmefjord ved tildelinga av miljøprisen.

Kenneth Bruvik har fått i stand fleire samarbeidskonstellasjonar på tvers av ulike nivå og utgangspunkt, og har også vore sentral i å skape eit internajonalt engasjement for å redusere marin forsøpling. Kenneth Bruvik har også vore programleiar for fleire TV-program og er ein mykje brukt foredragshaldar.

Til dagleg er han tilsett i Hordaland Jeger og Fiskerforening der han i 1998 etablerte og framleis driftar TAM-prosjektet (Tryggheit, Ansvar, Mestring), som er eit tilbod til barn og unge som har ulike utfordringar i skulen og heime. I TAM-prosjektet får ungane lære naturbruk og får sosial kompetanse som vil kunne hjelpe dei i andre samanhangar.