Få store endringar
Budsjettforslaget
– Det er få store endringar for næringa i det framlagte statsbudsjettforslaget. Dette representerer ein stabilitet for næringa, noko vi ønskar, seier leiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag.
Det er gjort nokre endringar og justeringar i avgiftsregiment for næringa, som vi viser til nedanfor.
- Kåre Heggebø har også gitt ein kort kommentar til nyheta om at rekeflåten i sør får tilrettelagt ei eiga støtteordning.
Sjå omtale i anna sak på Fiskarlaget.no
CO2-avgifta: Regjeringa foreslår å auke CO2-avgifta frå 2,05 pr liter til kr 2,53 pr liter. Dette er i samsvar med den opptrappingsplanen fram mot 2030.
Kompensasjonsordninga for CO2-avgifta: Regjeringa foreslår ein auke i denne ordninga på 91,8 millionar kroner til 346,8 millionar kroner, som skal dekke auken i avgifta i 2022.
Det betyr at fiskeflåten får kompensert auken i CO2-avgifta.
– Grunnavgifta på mineralolje blir tatt ned og dette er ei positiv sak for mange fiskarar, seier Kåre Heggebø.
Fiskeflåten betaler grunnavgift ved bunkring, men får den refundert, etter søknad gjennom Garantikassen for fiskere. Regjeringen foreslår å kutte grunnavgifta på mineralolje frå kr 1,76 til kr 0,36.
Fiskeriforskningsavgifta blir vidareført på 1,35 %.
Føring: – Det ser også ut til at det er eit nedtrekk i posten der føringstilskotet ligg. Dette vil være ei sak vi følgjer opp, seier Heggebø.
Redningsselskapet: – Vi legg merke til at Redningsselskapet ikkje får kompensasjon eller auka støtte knytt til drivstoff og drift.
– Redningsselskapet har ein svært viktig beredskapsfunksjon langs kysten, og vi har ei tydeleg forventning om at dagens beredskapsnivå blir oppretthalde, seier leiaren for fiskarane.
Fiskerihamnene: – Det er eit heilt nødvendig grep at staten tar tilbake ansvaret for fiskerihamnene frå fylkeskommunane.
Regjeringa melder i saka at statleg ansvar for fiskerihamnene er viktig for å sikre utviklinga av marine næringar og fiskeriavhengige kystsamfunn.
– Vi ønsker å kunne realisere fiskerihamneprosjekt så raskt som mogeleg, men eit betydeleg arbeid med utgreiingar står att. Vi har allereie i 2022 auka løyvingane til planlegging av fleire fiskerihamnetiltak, og dette vil vi halde fram med i 2023, seier Skjæran.
Gjeninnføring av statleg ansvar for fiskerihamnene skjer i dialog med fylka, og det er semje mellom staten og fylkeskommunane om prinsippa for ei tilbakeføring av ansvaret for fiskerihamnene frå fylka til staten.
Sjå pressemelding frå regjeringa om saka her
Stad: Kåre Heggebø peikar også på at det er eit viktig signal frå regjeringa at det blir løyvd pengar til det vidare arbeidet med Stad Skipstunnel.
– Prosjektet har ein plvanlagt kostnad på meir enn fire milliardar kroner, så dette er kostbart, men – og det er viktig understrekar Kåre Heggebø – for norsk fiskerinæring er skipstunnelen eit svært etterlengta tryggingstiltak.