Etterlyser arealplan
Åpningstale Sildelaget
– Me etterlyser ein arealplan for alle norske farvatn der fiskeriorganisasjonane sit i førarsetet når det gjeld å finne dei rette områda for våre nye havnæringar. Det sa styreleiar Lars Ove Stenevik i sin åpningstale til årsmøtet.
Norges Sildesalgslag har onsdag og torsdag sitt årsmøte i Oslo.
Under åpningstalen sa styreleiaren tirsdag at:
«Sildelaget ser og støttar arbeidet faglaga gjer for å sikre fisken trygge og uforstyrra gyte- og oppvekstområde og å sikre fiskarane tilgong på tradisjonelle fiskebankar som har vore fangstområde gjennom lange tider. Me anerkjenner også at andre næringar skal få plass på havet, og at «me var her først» ikkje er eit haldbart argument aleine.»
Stenevik peiker på at han er vel kjent med laget sitt innslagspunkt til næringa, noko han formulerte slik:
«Rett nok vart Sildelaget oppretta for å ivareta fiskarane sine interesser i handelen med fisk då Norge var eit fattig og annleis land enn det det er i dag. Nå, gjennom Fiskesalgslagslova, er samfunnsoppdraget til Sildelaget å auke verdiskapinga for heile den pelagiske fiskerinæringa. Me skal utøve våre forvaltningsoppgåver, og me skal sikre god ressurskontroll. Vidare skal me vere garantisten for ein open og transparent markedsplass for fartøy og kjøparar.»
Samtidig påpeika han at Sildelaget deler faglaga si bekymring for ei utvikling som ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til fiskeria når det gjeld dei nye næringane på havet.
«Konflikt er ingen tent med, men «førevar»- prinsippet som fiskarane lever fint med når det gjeld fiskeriforskning, bør vere enno meir framtredande når dei nye næringane skal beslaglegge store område ute i havet.»
Stenevik gjentar momentet som har kome frå fleire hald i næringa og etterlyser ein samla plan for utviklinga av aktivitet i havrommet:
«Me i Sildelaget, saman med ei samla næring, etterlyser ein arealplan for alle norske farvatn der fiskeriorganisasjonane sit i førarsetet når det gjeld å finne dei rette områda for våre nye havnæringar.»
Og han la til:
«Me må få lov å hevda vår rett. Fiskerinæringa er verdfull på mange vis. Den må ikkje bli overkøyrd av dei nye aktørane som ber om plass på havet.»
Les heile talen til Lars Ove Stenevik i denne lenka til Sildelagets nettside
Dette skjer også
Årsmøtet i Sildelaget blir overført direkte på nett og du kan følgje møtet her:
Onsdag 3. mai er det mellom 10.45–12.45 ein næringspolitisk debatt der følgjande deltek:
– Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran / statssekretær Vidar Ulriksen
– Adm.dir. Inger-Marie Sperre – Brødrene Sperre
– Daglig leder Rose-Mari Berge – Lurøyveiding AS, Kystgruppen
– Adm.dir. Jonny Berfjord – Norges Sildesalgslag
– Stortingsrepresentant Olve Grotle – Næringskomiteen Høyre