15.06.2021
Endring for skipstrafikk
Måløybrua 21. juni
Vedlikehaldet på Måløybrua gjer at det blir ei endring for skipstrafikken, melder Statens vegvesen. Seglingshøgda er lågare enn normalt og berre eitt seglingsløp er ope så lenge arbeidet pågår.
Det er Statens vegvesen som gjer naudsynt vedlikehald på Riksveg 15 Måløybrua. Arbeidet starta våren 2018, og skal vera ferdig til november 2021.
På grunn av stillas under brua vil seglingshøgda vere lågare enn normalt. Seglingsmønsteret må difor mellombels endrast, i eitt seglingsløp om gongen. Frå 21. juni 2021 flyttar arbeidet frå austre seglingsløp, og vil no starta i vestre seglingsløp.
Mellombels vakttelefon for sjøfarende:
- Telefon: 919 08 552
- Radio: VHF kanal 16
Les meir på Kystverket sine nettsider.