
– Det er ikkje for seint å stoppe
Er Ålesund i ferd med å øydelegge det som ein gang var med på å bygge opp byen? Det skriv Sondre Havnsund Urkedal, leiar i Grytastranda og omegn Fiskarlag i eit innlegg i Sunnmørsposten. Han meiner utfyllinga i hamneområdet Kipervika må vente til etter torskegytinga i Borgundfjorden.
I fjordane rundt Ålesund, som vi gjerne vil påstå er «Noregs Fiskerihovudstad» er torsken i desse dagar i ferd med å finne sin veg til gytefelta. Denne torsken har gytt i dei same områda i mange hundre, om ikkje tusenvis av år, og av heilt spesielle grunner har torsken valt at det viktigaste gytefeltet skal vere i hjartet av Ålesund, betre kjent som Borgundfjorden.
Torsken og fiskerinæringa elles har vore og er framleis ein viktig del av Ålesund og Sunnmøre som heilskap. Her har det vore store tradisjonar for vinterfiske etter torsk både inne på fjordane og ute på storhavet så lenge vi kan huske, og det lenge før eg i det heile tatt vart påtenkt. For å vere ærleg har nok nedgangen vore meir i fokus sidan min ankomst til denne verda, enn oppgangen … For det står ikkje veldig bra til med den kystnære bestanden av torsk i desse dagar, av ulike årsaker.
Det er nok ikkje i fare for at Borgundfjorden skal komme i same situasjon som Oslofjorden med det første, for bestandane av torsk, hyse, sei og fleire er fortsett gode her på Møre, og kanskje vil silda snart sette kursen mot Mørebankane igjen, og med det skape nytt liv og entusiasme i havet som vi er så glade i.
Gjer klar for fylling av stein i sjøen
Fisket på Borgundfjorden i dag er prega av eit forbod mot fiske etter torsk med reiskap som line, garn og snurrevad i eit forsøk på å bygge opp igjen bestanden, og det er etter 1. mars berre lov å fiske i Borgundfjorden med stong og snøre.
Fisket på Borgundfjorden er derfor i stor grad preget av dette, og eit svært viktig gytefelt for kysttorsken. Her kan yrkesfiskarar, fritidsfiskarar og andre enn så lenge prøve lykka etter torsk, og kanskje dukka draumefangsten opp, i form av ein stor og flott borgundfjordtorsk om ein er heldig. Men uavhengig av fangst, er fisket på Borgundfjorden sosialt og godt for folkehelsa.

-Så mitt hjartesukk til våre folkevalde i kommune og fylke er, det er ingen skam i å snu i tide. Utsett utfyllinga til eit seinare tidspunkt slik som Havforskningsinstituttet har sagt, så kan vi kanskje fiske torsk på Borgundfjorden i framtida også.
Sondre H. Urkedal
Frykter at torsken blir jaget
Det er derfor beklageleg at Ålesund kommune, i lag med sine partnarar har fått løyve til å dumpe tusenvis av tonn med masse i fjorden i desse dagar for å bygge ut bysentrum trass i sterke frårådingar frå havforskarar, fiskarar og forvaltning om ikkje gjere dette i den viktige gyteperioden for kysttorsken.
I fiskerinæringa er sameksistens viktig, for det er fisken vi skal leve av i all overskodeleg framtid og bygge dette landet vidare på, side om side med byutvikling, havbruk og andre store og viktige næringar i dette landet.
Det er ikkje for seint å stoppe, stein kan ein fylle ut sommar og haust, vinter og vår må torsken få gjere sitt i fred og ro.
Så mitt hjartesukk til våre folkevalde i kommune og fylke er, det er ingen skam i å snu i tide. Utsett utfyllinga til eit seinare tidspunkt slik som Havforskningsinstituttet har sagt, så kan vi kanskje fiske torsk på Borgundfjorden i framtida også.