02.02.2026

Beste kolmulepraksis

Råd for fisket

I samarbeid med fiskerinæringa, Havforskingsinstituttet og Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond (FHF) er det blitt utvikla eit sett med beste praksis for kolmulefisket.

Det er Fiskeridirektoratet som måndag har tatt ut ein info om arbeidet som no er gjort.

I meldinga blir det vist til at kolmulefisket går føre seg langt til havs, ofte med store fangster i heftige værforhold og inneber stor risiko for sprenging av trålen, som igjen fører til unødig neddreping av kolmule og ekstrautgifter for fiskefartøya.

Med bakgrunn i eit ønskje om å redusere risikoen for uhell på kolmulefelta har ei arbeidsgruppe samansett av skipparar frå kolmulefartøy, representantar frå næringsorganisasjonane, Fiskeridirektoratet, HI og FHF utarbeidd ei liste over beste praksis for gjennomføring av kolmulefisket.

Gruppa er samde om følgande liste:

  • Vær ekstra varsom på utfordrende fiskefelt
  • Utfør grundig sekk-kontroll før sesongen
  • Reserve trålsekk skal være i god stand
  • Tilpass trål til fiskeforholdene
  • Bruk sekker med tilstrekkelig volum i god stand
  • Bruk flere fangstsensorer – plassert strategisk
  • Avslutt fangst på kontrollert vis
  • Kontrollert innhiving
  • Unngå korte hal med stor fangst
  • Husk å rapportere i fangstdagboken (ERS) dersom ein «sprenger» fiskeposen

Fiskeridirektoratet oppmodar til at alle fartøy som fiskar etter kolmule med pelagisk trål/flytetrål i område der faren for «sprenging» av fiskeposen er stor, gå nøye gjennom den utvida «beste praksis»-lista (lenke)

Det er viktig at alle som fiskar i desse områda set i verk dei tiltaka som er nødvendig for å unngå uhell, blir det påpeika.

Fleire fartøy er alt i gang med fangst av kolmule vest av Irland og Fiskeridirektoratet ber om at flåten utviser stor aktsomheit i fisket.