
Berfjord gjenvalgt
Digitalt møte i Fiskebåt
Jonny Berfjord frå Dønna er attvald som styreleiar for Fiskebåt for eit år til. Det avgjorde eit samrøystes digitalt årsmøte torsdag.
Berfjord skulle normalt gått av som styreleiar på årsmøtet i år, men på grunn av koronapandemien og at det i tillegg er i eit år med stortingsval, spurte valnemnda om han kunne site eit år til.
-Vi meiner det er viktig å ha kontinuitet når situasjonen er så spesiell som den er i år. Det ville difor vere vanskeleg for ein ny styreleiar å ta over no, sa leiar i valnemnda Janne Grethe Strand Aasnæs til årsmøtet.
Det blei heller ingen andre store utskiftingar i styret. Webjørn Barstad går ut av styret som følge av byte av jobb, og blir erstatta av Eldar Farstad.
I talen til årsmøtet var Berfjord innom at 2020 har vore eit spesielt år også for fiskeflåten, med restriksjonar som følgje av pandemien. Han var også innom både klimapolitikk og næringspolitikk.
Les heile talen hos Fiskebåt.