04.07.2025

Bekymra for elevsikkerheit

Hydrogen på «Skulebas»

Sør-Norges Fiskarlag er alvorleg bekymra for sikkerheta til elevar og mannskap på opplæringsfartøyet Skulebas. – Det er uakseptabelt at fartøy og elevar skal være forsøkskaniner for hydrogenframdrift, sier dagleg leiar Janita Arhaug.

Fiskarlaget har i mange år kjempa for at elevar som tek fiskeriutdanning skal ha gode opplæringsfasilitetar.

-Vi delte gleda med Måløy vidaregåande skule då dei i 2018 fekk nyheita om at dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune ville sette av pengar til ny og moderne opplæringsbåt. Sommaren 2023 stod stasbåten klar, rigga for fiskeri med line, garn, snurrevad, tråling, og reketrål. Dette er ein unik og velutstyrt båt og brukarane rapporterer om gode sjøeigenskapar, seier Janita Arhaug.

Hydrogen-synfaring

100-millionarsfartøyet er 35,5 meter lang og er 9,5 meter brei, med plass til 17 elevar og lærarar, og eit mannskap på tre.

Enova har alt gitt 12 millionar i støtte til fartøyet der det er sett inn dieselelektrisk hybriddrift og 1 000 kWh batterikapasitet

Sør-Norges Fiskarlag var denne veka på synfaring om bord i skulebåten i samband med planane om nok ei framdriftsløysing på Skulebas. Montering av hydrogenanlegg om bord er ei satsning som utløyser støtte på 8 millionar kroner frå staten, sidan dette er eit miljøtiltak for framdriftssystem.

-Fiskarlaget har tidlegare tatt kontakt med fylkeskommunen om dette og særleg fordi vi meiner at sikkerheita for dei om bord ikkje ser ut til å bli god nok, påpeiker Janita Arhaug.

I eit brev til fylket skriv ho at: –Vi er ikkje imot bruk av Skulebas til opplæring i ny teknologi, og vi vil understreke at vi set stor pris på Skulebas og den verdifulle moglegheita fartøyet gir for praktisk opplæring av elevar innan fiskeriutdanning.

Vi har likevel fleire spørsmål og bekymringar knytt til kva formål hydrogeninstallasjonen har. Er det primært retta mot opplæring eller for å oppnå klimagevinst? Vår uro handlar mellom anna om korleis dette påverkar den ordinære opplæringa, tilgangen på kvalifisert personell, og ikkje minst det praktiske rundt fiskeri og tryggleiken for mannskapet om bord.

Ingen andre fiskefartøy har så langt har tatt i bruk hydrogen som framdrift. Fiskarlaget er uroa for at fleire løysingar blir sett saman utan at det er på plass eit internasjonalt regelverk for hydrogendrift på fiskefartøy. Fiskarlaget er også sterkt bekymra for kva dette kan få å seie for å behalde nøkkelmannskap som skipper og maskinist som må til for å drifte opplæringsfartøyet, ein krevjande jobb blant for den som skal sitje i ein av desse stolane.

Auka bekymring

Representantane frå Fiskarlaget er uroa over å få sjå korleis hydrogenanlegget er tenkt plassert om bord.

-At Vestland fylkeskommune synes det er greit at Skulebas, eit opplæringsfartøy med elever i 16-17 års alder ombord, skal være eit pilotprosjekt som verdens første fiskefartøy med brenselcelle og hydrogendrift, er for oss uforståelig, påpeikar representantane frå Fiskarlaget etter synfaringa om bord.

Hydrogenanlegget er tenkt plassert på dekk framfor styrhuset saman med naudutgangar frå mannskapslugarane, som ligg rett under, og ved staden for kran og luker for lossing av fisk.

-Ikkje berre blir det trongt om plassen, men naudutgangane og område for krevjande arbeidsoperasjonar er altså plassert ved sidan av det som vi antek kan bli den farlegaste plassen om bord!

-Omlag her og omlag så høg, fortel avdelingsleiar Tor Åge Gravdal om den planlagte hydrogentanken på Skulebas. Leiar i Fjordane Fiskarlag Runar Grotle (nærmast) og leiar i Nordfjord Fiskarlag Øystein Færestrand (bak) følgjer godt med.

Lite utprøvd teknologi

I brevet til fylket påpeikar representantane frå Fiskarlaget at reiarlag med hydrogenplanar hittil ikkje har sett desse iverk. Årsaka er at teknologien ikkje er kome langt nok til at den er hverken økonomisk eller sikkerheitsmessig forsvarlig.

-Logistikken for tilførsel av hydrogen langs kysten er heller ikkje utbygd, blir det vist til i brevet.

I tillegg blir det vist til at det i dag ikkje fins eit internasjonalt regelverk for hydrogendrift på fiskefartøy, men at Fiskarlaget er kjent med at IMO, International Maritime Organization, arbeider aktivt med regelverk for alternative drivstoff, inkludert hydrogen, med fleire initiativ på agendaen frå 2026.

-Ta oss med på råd

Janita Arhaug opplyser at fiskarane i liten eller ingen grad er tatt med på råd knytta til Skulebas.

I brevet frå Sør-Norges Fiskarlag oppmodar ho derfor om at framtidige brukarar blir tatt med på råd, også med omsyn til nye planlagte skulefartøy, som i Møre og Romsdal.

-Både fiskarar og utstyrsleverandørar bør høyrast i den viktige planleggingsfasa før byggjestart. Slik slepp ein bruke unødvendig tid og pengar på å rette opp feil i ettertid. Vi oppmodar på det sterkaste om at Vestland fylkeskommune tek Fiskarlaget med i den vidare saksgangen rundt installering av hydrogenanlegg om bord i Skulebas.