09.01.2026

Avtale med Grønland

Fiskeriavtale 2026

Noreg og Grønland er einige om fiskerisamarbeid og kvotebytte for 2026. Det blei semje etter eit digitalt møte 8. januar.

Avtalen byggjer vidare på det gode og langsiktige samarbeidet mellom partane, både innan fiskeri og forsking, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ein omtale.

Partane har lagt vekt på berekraftig forvaltning av havressursane. I samsvar med nedgangen i torskekvoten i Barentshavet inneber avtalen for 2026 ein reduksjon av kvotenivået frå 2025.

Detaljane

Noreg: For 2026 kan norske fiskarar fangste 600 tonn blåkveite i Vest-Grønland og 250 tonn blåkveite i Aust-Grønland.

I tillegg får Noreg ein kvote på 15 tonn kveite, 400 tonn uer, 360 tonn brosme, 100 tonn skolest og 325 tonn andre artar som bifangst i Aust-Grønland. Når det gjeld torsk, kan Noreg fiske 720 tonn torsk i vest og aust.

Grønland får på si side ein kvote på 2 920 tonn torsk, 533 tonn hyse, 454 tonn sei og 425 tonn andre artar som bifangst i Barentshavet.

– Denne avtalen viser kor viktig det er med tett og konstruktivt samarbeid mellom Noreg og Grønland. Vi har funne løysingar som tek omsyn til berekraft og samtidig sikrar aktivitet for fiskerinæringa. Det er avgjerande at vi står saman om ansvarleg forvaltning av havressursane, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Les protokollen her.