Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
24.03.2014

Avtale med Færøyene

Føste siden 2010

Norge og Færøyane er samde om ein bilateral avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte. Dette er den føste bilaterale avtalen sidan 2010. Makrellkonflikten gjorde at avtalen ikkje kom på plass dei tre siste åra.

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker helsar avtalen mellom Noreg og Færøyane velkomen.

– Eg er glad for at Noreg og Færøyane har teke opp att det tradisjonelle fiskerisamarbeidet, seier fiskeriministeren.

Noreg og Færøyane vart i onsdag einige om den føste bilaterale avtalen sidan 2010.

Norske fiskarar får ein kvote på 1250 tonn lange/blålange 1 025 tonn brosme og 737 tonn andre artar. I tillegg kan norske fartøy fiske opp til 80.000 tonn av den norske kolmulekvoten for 2014 i færøyske farvatn.

Færøyane får ein kvote på 2 000 tonn torsk, 400 tonn hyse, 300 tonn sei og 100 tonn andre artar i norsk økonomisk sone.- I tillegg kan Færøyane i norske farvatn fiske opp til 10 000 tonn torsk og ein del hyse og andre artar. Dette er fiske dei har fått tilgang til gjennom byteavtalen sin med Russland.

Les avtaleteksten