
Avtakket etter 24 år
Oddmund Kvalheim
Etter 24 år i jobben er Oddmund Kvalheim takka av i Sogn og Fjordane. Les Øystein Sandøy sin takk til veteranen.
Takk for jobben, Oddmund
Fredag 1. februar kryssa Oddmund Kvalheim offisielt målstreken som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Eg veit ikkje om han var spesielt trøytt eller andpusten. Dopa var han i alle fall ikkje. Det måtte i så fall vere der og då på kaffi, twist, wienerbrød og ei aldeles nydeleg Pavlova-kake. Eigenhendig bakt av etterfylgjaren, Henriette Skaar.
Oddmund kan sjå attende på strålande utført arbeid. Han tiltrådde den 1. februar 1994, og har såleis i 24 år vore den som har teke seg av dei mildt sagt mange oppgåvene som jobben har innebore. Eg skal ikkje eingong prøve å rekne dei opp. Konklusjonen blir uansett at arbeidet har vore i dei aller beste hender, og Oddmund har ein betydeleg del av æra for at Sogn og Fjordane Fiskarlag har blitt høyrt oppover i systemet, og at våre synspunkt har fått gjennomslag.
Den daglege leiaren i eit organisasjonsapparat får ikkje alltid den merksemd vedkomande fortener. Like fullt er det han/ho som tek seg av det daglege, får saker og vedtak ført til protokolls, ordnar ut med all korrespondanse, og får alt sendt vidare til rette vedkomande. Alle detaljar vedrørande årsmøte, styremøte og samankomstar elles blir, og har blitt samvitsfullt teke hand om. Og ikkje minst fortløpande å verve medlemer. Noko latmannsliv er det så visst ikkje.
Like viktig – og kjekt – har det vore å kunne stikke innom kontoret, og få ein kaffikopp og ein god prat. Oddmund si dør har vore opa for alle, og kontoret har ikkje minst hatt sin misjon som møteplass, og arena for sosialt samvær. Hadde eg hatt ei krone for kvar god historie som har blitt fortalt der, så hadde fattigdomen for lengst vore – ja, akkurat – historie!
Vi rettar den varmaste takk til Oddmund for prikkfritt utført arbeid. Samstundes ynskjer vi arvtakaren Henriette Skaar all lukke til. Det er store sko å fylle, men vi er ikkje i tvil om at Henriette er oppgåva vaksen.
Og i parentes anmerkt: Kva fylkeslag kan skryte av å ha ein dagleg leiar som bakar verdas beste Pavlova-kake?
Øystein Sandøy, på vegne av fiskarane i Sogn og Fjordane.
Bildetekst: Oddmund Kvalheim fikk også heder, godord og gaver da Sogn og Fjordane i 2018 feiret sitt 100-årsjubileum.
Her fra årsmøtefesten/100-årsfesten, der generalsekretær Otto Gregussen i Fiskarlaget og leder Jarl Magne Silden i fylkeslaget var to av dem som hedret Oddmund.