Aspaker ber om hjelp
Ønsker styrekandidater
Fiskeriministeren ber om forslag til styrekandidatar til Sjømatrådet. Styret kan bestå av inntil ni representanter og skal utnevnes for perioden 2015-2017.
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker inviterer organisasjonar og bedrifter i sjømatnæringa til å komme med forslag til kandidatar til styret i Sjømatrådet for kommande periode (2015-2017).
Sjømatrådet er eit heileigd statleg aksjeselskap som skal fremme verdiskapinga i fiskeri- og havbruksnæringa gjennom større etterspørsel og kunnskap om norsk sjømat i inn- og utland. Verksemda er finansiert av næringa gjennom ei marknadsavgift, heiter det i ei pressemelding frå departementet.
Nærings- og fiskeridepartementet har gjennomført endringar i forskrift 22 mars 1991 nr. 157 om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer. Endringane gjeld både samansettinga av styret og prosessen for val av styre for Sjømatrådet. Endringane skal vere med på å sikre at styrevalet skjer i tråd med prinsippa for god eigarstyring slik det er nedfelt i siste eigarskapsmeldinga (Meld. St. 27 (2013-2014) Et mangfoldig og verdiskapende eierskap).
Styret i Sjømatrådet skal vere representativt for fiskeri- og havbruksnæringa. Styret kan bestå av 7-9 personar. I valprosessen blir det lagt vekt på relevant kompetanse og erfaring knytt til marknadstilhøve og økonomiske forhold som kan påverke sjømatnæringa nasjonalt og internasjonalt.
Forslag til kandidatar kan sendast til Nærings og fiskeridepartementet: postmottak@nfd.dep.no innan 15. mai.