
– Arbeidsmiljø stadig viktigare
Sjøfartsdirektoratets tilsyn
Sjøfartsdirektoratet gjennomførte nær 6000 tilsyn i 2024. Inspektørane har særleg sett på psykososiale forhold, mobbing og trakassering for å skape merksemd og motivasjon for eit betre arbeidsmiljø om bord.
Konstituert sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim er tydeleg på at arbeidsmiljø er eit stadig viktigare tema i arbeidet til direktoratet.
I ein omtale på eigen nettstad av tilsynsarbeidet for fjoråret, påpekar han det også er eit tett samarbeid med næringa for å sikre at sjøfolk har ein trygg og god arbeidsplass.
– Mange tek dette på alvor, men det er framleis ein veg å gå for å skape eit inkluderande arbeidsmiljø utan mobbing og trakassering, seier Alf Tore Sørheim.
Dei 5916 tilsyna i 2024 omfattar blant anna 2241 sertifikatinspeksjonar, 593 dokumentkontrollar, 497 umelde fartøytilsyn, 467 bemanningstilsyn og 332 MLC-tilsyn (Maritime Labour Convention).
I tillegg vart det utført 105 WFC-tilsyn (World Fishing Confederation) i fiskeflåten og fleire andre kontrollar knytt til tryggleik og arbeidsvilkår. Mange av tilsynsfunna har resultert i pålegg for å sikre betre arbeids- og levevilkår for sjøfolk.
5916 tilsyn i 2024 er nokre færre enn i 2023 (5965 tilsyn) og 2022 (6005 tilsyn), men fleire enn i 2021 (5497 tilsyn).
Enklare å varsle
For å gjere det enklare for sjøfolk å varsle om kritikkverdige forhold, har direktoratet oppretta ein «Tips oss»-kanal på nettsida si.
I 2024 kom det inn 317 bekymringsmeldingar, mellom anna 45 om kviletid, 25 om manglande kvalifikasjonar og 20 om mobbing og trakassering.
Ei faggruppe i direktoratet vurderer meldingane kvar veke og avgjer vidare tiltak.
Les heile omtalen i denne lenka som går til Sjøfartsdirektoratet